Another Code: Two Memories
Another Code: Two Memories, kjent i Nord-Amerika som Trace Memory, er eit hjernetrim-eventyrspel utvikla av Cing og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS. Det var utgjeve i Japan februar 2005, i Europa juni 2005 og i Nord-Amerika september 2005. Ein oppfølgjar, Another Code: R, vart utgjeven til Wii i 2009.
Another Code: Two Memories | |
Utviklar(ar) | Cing |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Plattform(er) | Nintendo DS |
Utgjeving | JP: 24. februar 2005 EU: 24. juni 2005 NA: 27. september 2005 |
Sjanger | Hjernetrim, eventyr |
Spelemodus | einspelar |
Another Code handlar om Ashley Mizuki Robbins, ei 13 år gamal jente, som drar til den fiktive øya Blood Edward Island for å leite etter faren sin. Kort tid etter at Ashley og reisefølgjet gjer landgang på øya, forsvinn verjen hennar og deretter skipparen som frakta dei dit. Spelemekanikkane går ut på å løyse gåter Ashley kjem over når ho navigerer seg gjennom stadene på øya. Spelet fekk hovudsakleg moderate til positive omtalar.[1][2] Det fekk vellæte for bruken av kontrollmetodane til Nintendo DS, historia og den handteikna grafiske stilen, men kritikk for uoriginale gåter og den korte lengda på spelet.[3][4]
KjelderEndra
- ↑ «Trace Memory for DS Reviews». Metacritic. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Deilige sommerminner». VG. 18. juli 2005. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Another Code: Two Memories». Eurogamer. 1. juli 2005. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «ANMELDELSE: Another Code: Two Memories». Gamer.no. 27. juni 2005. Henta 31. mai 2018.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell europeisk nettstad
- Offisiell japansk nettstad (på japansk)