Andefuglar

(Omdirigert frå Anseriformes)
Andefuglar
Døme på andefugl: Knoppsvane Foto: Bowen Pan
Døme på andefugl: Knoppsvane
Foto: Bowen Pan
Utbreiing
Utbreiinga av andefuglar
Utbreiinga av andefuglar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Anserimorphae
Orden: Andefuglar Anseriformes
Wagler, 1831

Andefuglar, Anseriformes, er ein biologisk orden av fuglar med leveområde i eller nær vatn. Dei tre familiane som utgjer denne ordenen er gjetarfuglar (Anhimidae), andefamilien (Anatidae) og skjorgås, einaste art i familien Anseranatidae. Det finst berre tre artar gjetarfuglar, langt dei fleste artane av andefuglar er derfor ender, gjæser og svaner i Anatidae.

Alle artane i denne ordenen er mykje godt tilpassa eit liv nært knytt til vatn. Skjorgås og gjetarfuglane har berre delvis symjehud mellom tærne, elles har dei fleste artane godt utvikla symjehud for effektiv symjing.

Skildring endre

Andefuglar har ein robust fast kropp med eit relativt lite hovud, generelt ofte på ein lang hals. Med unnatak frå gjetarfuglar har andefuglar breie og flate nebb; mange med eit hardt parti ytst til å nappe av plantemateriale, medan nebbkantane elles har små 'horntenner' - rifla lamellar, til å filtrere ut føde frå vatn.

Eit anna karakteristisk trekk er symjehud mellom dei tre framovervendte tærne, dei finst i sterkt redusert form hos gjetarfuglar og skjorgås, Anseranas semipalmata. Symjehud medverkar til snøgg symjing.

Fjørdrakta er vasstett og har fargerike mønster hos mange artar, spesielt hos hannar. Drakta blir fortløpande pleidd med vassavstøytande olje skilt ut frå gumpkjertelen, olja blir distribuert med nebbeet ved å reinske fjørene over heile kroppen. Under myteperioden mistar dei fleste artane flygeevne, og hannane kan i denne perioden oppnå særs annleis fjørdraktmønster som kan ha kamuflerande funksjon. Varmeisolasjonen er sikra av eit tjukt lag med underfjører og eit feittlag under huda.

I motsetnad til andre fuglegrupper der hannar anten manglar eller berre har ein rett og slett konstruert penis, er paringsorgan svært godt utvikla hos andefuglar.

Flyging

Dei fleste andefuglar er gode flygarar; stripegjæser, Ansar indicus, er dei som flyg høgst av alle nolevande fugleartar. Mange artar er trekkfuglar med lange trekk mellom hekkeområda og overvintringsområda, dei kan ha ruter på opptil tusenvis av kilometer i lengd.

Habitat og kosthald

Andefuglar lever vanlegvis i eller nær vatn, i sumpar og myrar, ved elvemunningar eller strandlinjer ved elver eller kystnære farvatn. Nokre artar lever mesteparten av livet sitt på det opne havet og er berre på land under hekking.

Dei fleste søkjer føda på eller nær vassflata, andre dukkar etter vassplantar, medan særleg gjæser, svaner og gjetarfuglar òg beitar på land, blant anna gras og urter som dei nappar. Anseriformes-artane vil regelmessig svelgje småsteinar som vert brukte i den muskuløse kråsen for å kutte opp maten.

Fylogeni endre

Sjølv om fragmentariske fossil er kjend frå krittida, som nokre gonger vart haldne for Anseriformes, kjem den eldste utvetydig andefuglen frå paleocen. Det er ein Presbyornis, nærare relatert gjetarfuglar.[1][2] Den fossile fuglen vart først trudd å vere ein slektning av avosettar eller flamingoar før Harrison Walker plasserte han nær andefuglar i 1976.[3]

Frå paleocen og eocen er utelukkande Presbyornis kjent. Først i oligocen kjem fleire fossile Anseriformes, men dei synest å ha vore sjeldne i denne perioden. I miocen kom ei eksplosiv stråling som danna dei kjente artane i notida.

Kjelde endre

Fotnotar endre

  1. Bradley C. Livezey: A phylogenetic analysis of basal Anseriformes, the fossil Presbyornis, and the interordinal relationships of waterfowl. In: Zoological Journal of the Linnean Society 1997, Nr. 121, S. 361–428
  2. Carole Donne-Goussé, Vincent Laudet, Catherine Hänni: A molecular phylogeny of anseriformes based on mitochondrial DNA analysis. In: Molecular Phylogenetics and Evolution 2002, Bd. 23, Nr. 3, S. 339-356
  3. C.J.O. Harrison & C.A. Walker: Birds of the British Upper Eocene. In: Zoological Journal of the Linnean Society 1976, Nr. 59, S. 323-351

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Andefuglar