Ansgar Gabrielsen

norsk politikar

Ansgar Gabrielsen (fødd 21. mai 1955) er ein norsk politikar frå Mandal, som har representert partiet Høgre. Perioden 2001-05 var han statsråd i Bondevik II-regjeringa.

Ansgar Gabrielsen
Fødd 21. mai 1955

Mandal

Parti Høgre

Gabrielsen var ordførar i Lindesnes i tida 19871993. 1989-90 var han samstundes formann i Vest-Agder Høgre og medlem av Høgre sitt sentralstyre. Han vart innvald på Stortinget for Høgre frå Vest-Agder i [1993, og hadde sete på Stortinget i 12 år. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av sosialkomiteen, i den andre av næringskomiteen, samt valkomiteen. Frå oktober 2001 var han næringsminister i Kjell Magne Bondeviks nye regjering, ei stilling han hadde til 2004. I si tid som næringsminister fremja Gabrielsen eit lovforslag om minst 40% kvinnerepresentasjon i selskapsstyre. Forslaget fekk motbør, mellom anna frå partifellar, men vart vedteke med røyster frå opposisjonen på Stortinget. I 2004 vart han flytta over til helsedepartementet og var sjef for dette til Bondevik-regjeringa gjekk av hausten 2005. Gabrielsen tok ikkje attval til tinget i 2005.

KjelderEndra