Kjell Magne Bondevik

norsk politikar, diplomat og prest

Kjell Magne Bondevik (fødd 3. september 1947 i Molde) er teolog (cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1975) og ein tidlegare norsk politikar i (KrF).

Kjell Magne Bondevik
KjellMagneBondevik.JPG
Kjell Magne Bondevik i Sydney, Australia i 2005
Foto: Bjarte Sørensen
Fødd3. september 1947 (74 år)
Molde, Noreg
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, diplomat, prest
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedMenighetsfakultetet
EktefelleBjørg Bondevik
BarnJohn Harald Bondevik
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervStatsminister i Noreg 19. oktober 2001–17. oktober 2005
FøregangarJens Stoltenberg
EtterfylgjarJens Stoltenberg
VervStatsminister i Noreg 17. oktober 1997–17. mars 2000
FøregangarThorbjørn Jagland
EtterfylgjarJens Stoltenberg
VervUtanriksminister i Noreg 16. oktober 1989–3. november 1990
FøregangarThorvald Stoltenberg
EtterfylgjarThorvald Stoltenberg
VervKyrkje- og undervisingsminister i Noreg 8. juni 1983–9. mai 1986
FøregangarTore Austad
EtterfylgjarKirsti Kolle Grøndahl
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1973–30. september 2005
Signatur

KarriereEndra

Han var kyrkje- og undervisingsminister i Willoch-regjeringa 198386 og utanriksminister i Syse-regjeringa 198990. Frå 17. oktober 1997 til 3. mars 2000 var Bondevik statsminister i ei trepartiregjering mellom KrF, Senterpartiet og Venstre. Denne regjeringa vart kalla Sentrumsregjeringa og vart felt på spørsmålet om forureiningsfrie gasskraftverk. Bondevik var òg statsminister for ei mindretalsregjering utgjort av KrF, Høgre, og Venstre frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005. Denne regjeringa kalla seg sjølv Samarbeidsregjeringa og gjekk av etter valnederlaget i 2005. Bondevik si andre regjering var den første som hadde sete ein heil valperiode sidan Per Borten si fyrste regjering 19651969.

Kjell Magne Bondevik sat på Stortinget for Møre og Romsdal frå 1973 til 2005. Han var partileiar i Kristeleg folkeparti frå 1983 til 1995.

Kjell Magne Bondevik er nevø av politikaren Kjell Bondevik og fetter av biskop Odd Bondevik. Kjell Magne voks opp som son av rektoren ved ein kristen folkehøgskule i Molde og tok examen artium ved Molde kommunale høgre ålmennskule. Han gifta seg og stifta familie med ungdomskjærasten frå heimbyen, Bjørg Rasmussen.

Han gav i 2006 ut boka Et liv i spenning, gjennom forlaget Aschehoug.

Prisar og utmerkingarEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra