Antar Yahia
fransk fotballspelar
Antar Yahia (fødd 21. mars 1982 i Mulhouse i departementet Haut-Rhin) er ein fransk fotballspelar med algeriske foreldre, og for det algeriske landslaget. Han budde ei kort tid i Algerie i barndommen, før han vende attende til Frankrike. Han spelte for det franske U18-landslaget, men gjekk over til å spela for Algerie på U23-nivå. Han fekk den første A-landskampen sin for Algerie 15. januar 2004 i ein venskapskamp mot Mali. Han vart folkehelt i Algerie då han skåra det einaste målet i den avgjerande kvalifiseringskampen mot Egypt som førte til at Algerie kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010. Han spela for Al Nassr i den saudiarabiske fotballigaen frå 2011 til 2012.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
عنتر يحيى Antar Yahia | ||
Fødd | 21. mars 1982 | ||
Fødestad | Mulhouse i Frankrike | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Al Nassr | ||
Nummer | 5 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1996-2000 2000-01 |
Sochaux Inter Milano | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2000-02 2001-02 2002-05 2005-07 2006-07 2007-11 2011-12 2012 2013 2014 2014-16 2016 2016-17 |
Inter Milano Bastia (lån) Bastia Nice Bochum (lån) Bochum Al Nassr Kaiserslautern Espérance Plataniás Angers Orléans (lån) Orléans |
0 (0) 6 (0) 72 (2) 30 (0) 16 (1) 103 (6) 13 (1) 13 (0) 12 (0) 11 (0) 0 (0) 14 (1) 7 (0) | |
Landslag | |||
2004 2004-2012 |
Algerie U23 Algerie |
1 (1) 52 (7) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. desember 2017 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. desember 2012 |