Anthony James Leggett
britisk fysikar
Anthony James Leggett (fødd 26. mars 1938) er professor i fysikk ved University of Illinois og har vore det sidan 1983. Leggett er respektert som ein verdsleiande aktør i teorien for lågtemperaturfysikk, og pionerarbeidet hans innan superfluid vart æra med Nobelprisen i fysikk i 2003.
Anthony James Leggett | |||
Sir Anthony James Leggett | |||
Fødd | 26. mars 1938 (86 år) Camberwell i London | ||
---|---|---|---|
Bustad | USA | ||
Statsborgarskap | Britisk og amerikansk | ||
Nasjonalitet | USA, Storbritannia | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Sussex University of Illinois at Urbana-Champaign | ||
Alma mater | Oxford University | ||
Doktorgradsrettleiar | Dirk ter Haar | ||
Doktorgradsstudentar | Amir O. Caldeira | ||
Kjend for | Kvantemekanikk Superfluid fase av Helium-3 | ||
Utmerkingar | Maxwell Medal and Prize (1975) Paul Dirac-medaljen (1992) Nobelprisen i fysikk (2003) Wolfprisen i fysikk (2002/03) | ||
Medlem | Royal Society National Academy of Sciences American Physical Society American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Indias nasjonale vitenskapsakademi American Philosophical Society American Association for the Advancement of Science |
Han er medlem av National Academy of Sciences, og han vart adla av dronning Elizabeth II i 2004 «for sine arbeid innan fysikk». Han har statsborgarskap både i USA og Storbritannia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anthony James Leggett» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.