Antiseptikk

(Omdirigert frå Antiseptisk)

Antiseptikk (av gresk ἀντί anti, 'mot'[1] og σηπτικός sēptikos, 'rotnande'[2]) er ein metode eller behandling som går ut på å drepa sjukdomsframkallande mikroorganismar, særleg bakteriar. Middel som verker antiseptisk blir kalla antiseptika. Nokre døme på dette er jod, fenol og kloramin.[3]

Reklame for Dr. Tichenor's Antiseptic frå 1895.

Antiseptika blir vanlegvis brukt på levande vev, som hud, for å redusera fare for infeksjon, sepsis eller rotning. Ein skil dei som regel frå antibiotika, som trygt kan drepa bakteriar inne i kroppen, og desinfeksjonsmiddel, som kan brukast mot mikroorganismar på overflater til ting som ikkje lever.[4] Nokre antiseptika drep mikrobar (baktericid), medan andre er bakteriostatiske og berre stoppar eller saktnar veksten deira.[5]

Metoden blei utvikla av den britiske kirurgen Joseph Lister i 1867, og førte til ein revolusjon innan kirurgi. På operasjonsstova i dag er antiseptikken i stor grad, men ikkje heilt, avløyst av aseptikk, der ein unngår skadelege mikroorganismar gjennom sterilisering.[3]

Danskfødde Henry Jacques Garrigues introduserte antiseptisk obstetrikk til Nord-Amerika.

I Noreg blei antiseptikken innført av Julius Nicolaysen i 1889.[3]

Kjelder endre

  1. Liddell, Henry George; Scott, Robert. «ἀντί». A Greek-English Lexicon. Perseus perseus.tufts.edu. Arkivert frå originalen 10 October 2012. 
  2. Liddell, Henry George; Scott, Robert. «σηπτικός». A Greek-English Lexicon. Perseus perseus.tufts.edu. Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «antiseptikk» i Store medisinske leksikon, snl.no.
  4. McDonnell, Gerald; Russell, A. Denver (January 1999). «Antiseptics and Disinfectants: Activity, Action, and Resistance». Clinical Microbiology Reviews 12 (1): 147–79. PMC 88911. PMID 9880479. doi:10.1128/CMR.12.1.147. 
  5.   Ein eller fleire av dei føregåande setningane inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeChisholm, Hugh, red. (1911). «Antiseptics». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 2 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 146.  This source provides a summary of antiseptic techniques as understood at the time.