Anton Jenssen (1879-1967)

Anton Marius Jenssen (27. november 187925. juli 1967) var ein dansk-norsk kjøpmann som representerte kjøpstadene i VestfoldStortinget i åra frå 1925 til 1945. Den fyrste treårsbolken var han representant for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, sidan for det samla Arbeidarpartiet.

Anton Jenssen (1879-1967)
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. november 1879
Herning
Død

25. juli 1967 (87 år)

Yrke politikar, forretningsdrivande
Politisk parti Arbeidarpartiet

Jenssen var fødd i Herning i Danmark, der far hans eigde og dreiv ei mylne. I 1894 emigrerte den unge Jenssen til Noreg. Han arbeidde som handelsmann i ullvarebransjen, og som agent for tekstilindustrien. Fram til 1901 heldt han til i Horten, sidan var han busett i Tønsberg. Frå 1907 til 1928 dreiv han ei trikotasjeforretning med strikkeri.

I alle år frå 1910 til 1936 var Jenssen medlem av bystyret i Tønsberg. Frå 1910 til -18 var han også redaktør og forretningsførar i avisa Vestfold Social-Demokrat (Vestfold Arbeiderblad) og styreformann 1921-33 i same avisa. Ei tid var han styreformann i Samvirkebanken.

Hausten 1924 vart Jenssen vald til stortingsmann frå dei fem kjøpstadene i Vestfold, vald for NSA. Gjennom attval dei neste fire stortingsvala, då for Arbeidarpartiet, var han stortingsrepresentant heilt fram til 1945. Alle tingsesjonane var han medlem i Justiskomiteen. I 1926/27 var han medlem i Riksretten mot Berge-regjeringa.

Jenssen var mykje aktiv i fråhaldsrørsla. I tida 1933-38 sat han som formann i Avholdsfolkets Landsnevnd, og han var medlem i dei offentlege utvala Råspritkomiteen av 1934 og Komiteen om Statens Edruelighetsråd av 1935. Då den sistnemnde komiteen valde å opprette rådet, vart Jenssen frå 1. september 1936 den fyrste kontorsjefen i Statens Edruelighetsråd.

Kjelder endre