Antoni Jan Łaciak (23. juni 19396. februar 1989) var ein polsk skihoppar frå Szczyrk, som vann sølvmedaljen i normalbakken i ski-VM 1962 i Zakopane.

Antoni Łaciak
Statsborgarskap Polen
Fødd 23. juni 1939
Szczyrk
Død

6. februar 1989 (49 år)

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1964

Aktiv endre

Łaciak tok svært overraskande sølvmedaljen i normalbakken i VM i Zakopane i 1962, einast norske Toralf Engan vart hans overmann. I storbakken vart Łaciak nummer seks.

Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i åra 1961-66, med sjuandeplass i 1962/63 som beste samanlagtplassering. Den beste plasseringa hans i eit renn i hoppveka var åttandeplassen i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1963.

Łaciak vart nummer 34 i normalbakken under vinter-OL 1964 i Innsbruck. Rennet vart avvikla i hoppbakken i Seefeld.

Han døydde i Katowice.

Kjelder endre