Katowice
Katowice (tysk Kattowitz, tsjekkisk Katovice) er ein industriby i Schlesien i Polen, om lag 70 km. nordvest for Kraków. Han har om lag 320 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Polen ved elvane Kłodnica og Rawa. Katowice ligg i Det schlesiske høglandet, om lag 50 km frå Dei schlesiske Beskidane (ein del av Karpatane) og om lag 100 km frå Sudetane.
Katowice | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Schlesiske voivodskap | ||
Høgd | 266–352 m | ||
Areal | 164 670 000 km² | ||
Folketal | 278 090 (30. juni 2024)[1] | ||
Grunnlagd | 1500-talet | ||
• Byrettar | 1865 | ||
Postnummer | 40-001 til 40-999 | ||
Retningsnummer | +48 32 | ||
Bilnummer | SK | ||
![]() Katowice 50°15′N 19°00′E / 50.25°N 19°E | |||
Wikimedia Commons: Katowice |
Katowice har vore hovudstad i Schlesiske voivodskap sidan 1999. Tidlegare var han hovudstad i Katowice-voivodskapet og før det igjen i Det autonome schlesiske voivodskapet. Katowice er den største byen i det øvre schlesiske indistruområdet og det sentrale Øvre Schlesiske Storbyområde, som inneheld 3,5 millionar innbyggjarar.
Historie
endreDen dåverande preussiske byen fekk byrettar i 1865, og høyrde til landkrinsen Beuthen i regjeringsdistriktet Oppeln. I 1873 vart den sete for den nye landkretsen Kattowitz og vart i 1899 ein eigen bykrins. Sjølv om fleirtalet i byen (85 %) røysta for å framleis vere tysk ved folkerøystinga 21. mars 1921 vart byen innlemma i Polen. Den vart igjen innlemma i Tyskland i 1939 og på nytt innlemma i Polen i 1945. Mesteparten av den tyske folkesetnaden vart då brutalt fordrive. Mellom 1953 og 1956 vart byen kalla Stalinogród («Stalinbyen»).
Byen har etter Opole (Oppeln) den største tyske minoriteten i dagens Polen.
Personar
endre- Willy Fritsch (f. 1901), tysk skodespelar
- Georg Thomalla (f. 1915), tysk skodespelar
- Hanna Schygulla (f. 1943), tysk skodespelar
- Henryk M. Broder (f. 1946), polsk journalist
- Dariusz Wosz (f. 1969), polsk fotballspelar
- Maria Goeppert-Mayer, tysk fysikar og nobelprisvinnar