Appenzell Ausserrhoden
Appenzell Ausserrhoden Tysk: Appenzell Ausserrhoden Fransk: Appenzell Rhodes-Extérieures Italiensk: Appenzello Esterno Retroromansk: Appenzell Dadora | |
---|---|
![]() | |
![]() | |
Hovudstad | Herisau |
Folketal | 53 017 (2011) |
Areal | 242,86 km² |
Folketettleik | 218/km² |
Forkorting | AR |
Kanton sidan | 1513 |
Høgaste topp | Säntis (2502 moh) |
Appenzell Ausserrhoden er ein kanton i det nordaustlege Sveits. Kantonen har eit landareal på 243 km², og hadde 53 316 innbyggarar i 2009. Kantonen grensar til kantonane Appenzell Innerrhoden og St. Gallen. Herisau er hovudstad i kantonen, men domstolen har sete i Trogen.
Geografi endre

Landskapet er prega av slake høgdedrag og låge, skogkledde fjell. Over halvparten av areal vert nytta til landbruk. Det høgste fjellet, Säntis, er 2 502 meter over havet, og er trekantonspunkt for dei tre kantonane Appenzell Ausserrhoden, Appenzell Innerrhoden og St. Gallen.
Demografi, språk, religion endre
13,2% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er dominerande talemål. 51% av folket er protestantar, medan 31% soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Kommunar endre
Appenzell Ausserrhoden består av 20 kommunar: Bühler, Gais, Grub, Heiden, Herisau, Hundwil, Lutzenberg, Rehetobel, Reute, Schönengrund, Schwellbrunn, Speicher, Stein, Teufen, Trogen, Urnäsch, Wald, Waldstatt, Walzenhausen og Wolfhalden.
Historie endre
Appenzell høyrde opphavleg til fyrstedømet St. Gallen, men frigjorde seg og danna i 1411 «volksbund Appendzell». I 1452 gjekk det i allianse med i det sveitsiske eidsforbundet, og frå 1513 har det vore ein fullverdig medlem av forbundet.
Fram til 1597 utgjorde Appenzell Ausserrhoden saman med Appenzell Innerrhoden kantonen Appenzell. Etter reformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to delar, den protestantiske Ausserrhoden og den katolske Innerrhoden. Heilt til 1999 hadde begge status som halvkantonar. Til dess hadde kantonen ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Sidan har kantonen hatt ei røyst, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Appenzell Ausserhoden» frå Wikipedia på tysk, den 7. august 2011.
Bakgrunnsstoff endre
Originaltekst av Appenzell Ausserrhoden ved Wikisource. |