Appenzell Innerrhoden
Appenzell Innerrhoden Tysk: Appenzell Innerrhoden Fransk: Appenzell Rhodes-Intérieures Italiensk: Appenzello Interno Retroromansk: Appenzell Dadens | |
---|---|
![]() | |
![]() | |
Hovudstad | Appenzell |
Folketal | 15 688 (2011) |
Areal | 172,52 km² |
Folketettleik | 91/km² |
Forkorting | AI |
Kanton sidan | 1513 |
Høgaste topp | Säntis (2502 moh) |
Appenzell Innerrhoden er ein kanton i Sveits som består av tre landområde som ligg fråskilt einannan, inn i mellom kantonane Appenzell Ausserrhoden og St. Gallen. Kantonen har eit totalt landareal på 173 km2, og hadde 15 681 innbyggarar i 2009. Appenzell Innerrhoden er den minste kantonen i Sveits kva gjeld folketal, og den nest minste i areal. Appenzell er hovudstad i kantonen.
GeografiEndra
Kantonen er rik på fjell, men noko over halvdelen av arealet, om lag 56%, vert nytta til landbruksføremål. Det høgste fjellet, Säntis, er 2 502 meter over havet, og er trekantonspunkt for dei tre kantonane Appenzell Innerrhoden, Appenzell Ausserrhoden og St. Gallen.
Demografi, språk, religionEndra
9,8% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er talemål for 92,9% av folket, 2,5% har serbokroatisk og 1,0% albansk til morsmål. 81% soknar ti den romersk-katolske kyrkja, medan 10% er protestantar.
KommunarEndra
Appenzell Innerrhoden består av seks kommunar, offisielt nemnt som distrikt (Bezirke). Dei er Appenzell, Gonten, Oberegg (som er delt i to enklavar), Schlatt-Haslen, Rüte og Schwende.
Nokre av landsbyane i kantonen, derimellom hovudstaden Appenzell, er delt mellom fleire kommunar/distrikt.
HistorieEndra
Appenzell høyrde opphavleg til fyrstedømet St. Gallen, men frigjorde seg og danna i 1411 «volksbund Appendzell». I 1452 gjekk det i allianse med i det sveitsiske eidsforbundet, frå 1513 har det vore ein fullverdig medlem av forbundet.
Fram til 1597 utgjorde Appenzell Innerrhoden saman med Appenzell Ausserrhoden kantonen Appenzell. Etter reformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to delar, den protestantiske Ausserrhoden og den katolske Innerrhoden. Heilt til 1999, hadde begge status som halvkantonar. Til dess hadde kantonen ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Sidan har kantonen hatt ei røyst, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Trass i at Sveits innførte allmenn kvinneleg røysterett i 1971, vart røysterett for kvinner innført i Appenzell Innerrhoden først i1990.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Appenzell Innerrhoden» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2011.
BakgrunnsstoffEndra
Originaltekst av Appenzell Innerrhoden ved Wikisource. |