Ar-Ram
A-Ram eller al-Ramm (arabisk skrift الرّام, hebraisk skrift אל-ראם) er ein palestinsk by nordaust for Jerusalem, like utafor kommunegrensa til byen. Landsbyen er ein del av det urbane området kring Jerusalem, Atarot industrisone og Beit Hanina ligg i vest, og Neve Ya'akov ligg i sør.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde a-Ram eit folketal på 25 595 i 2006.
A-Ram | |||
الرّام, al-Ramm, al-Ram | |||
kommune | |||
Al-Ram i bakgrunnen
| |||
Namneopphav: Åsen/Stilleståande vatn[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°51′12.35″N 35°14′00.12″E / 31.8534306°N 35.2333667°E | ||
Areal | 3,3 km² | ||
Folketal | 25 595 (2006) | ||
Folketettleik | 7 756 / km² | ||
Ar-Ram 31°51′12″N 35°14′00″E / 31.853430555556°N 35.233366666667°E | |||
Kart som viser Ar-Ram.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Ram |
Historie
endreI krossfarar-kjelder vart Al-Ram kalla Aram, Haram, Rama, Ramatha, Ramitta, eller Ramathes.[3]
Al-Ram var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey gav som eit len til Den heilage grav-kyrkja[4][5]
Alle innbyggjarane i landsbyen som vart nemnde i krossfararkjelder mellom 1152 og 1160 hadde namn som indikerer at dei var kristne.[6][7]
Landsbyen vart nemnt kring 1161, då ein krangel om landegrenser vart avgjort.[7][8]
Osmansk tid
endreI 1838 skreiv Edward Robinson at landsbyen var særs fattig og liten, men store steinar og spreidde søyler indikerte at han ein gong hadde vore ein viktig stad.[9] I 1870 skreiv den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde kring 200 innbyggjarar.[10]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine, Er Ram, som «ein liten landsby, lett synleg på toppen av ein kvit ås, med oliven. Han har ein brunn i sør. [..] Husa er av stein, delvis bygd av gamle materiale».[11]
Det britiske mandatet
endreI folketeljinga i 1922 hadde Ram 208 innbyggjarar, alle muslimar.[12] Dette auka i folketeljinga i 1931 til 262, framleis alle muslimar, i 51 hus.[13]
I ei folketeljing i 1945 hadde Er Ram eit folketal på 350 arabarar, og eit samla landareal på 5 598 mål.[14] 441 mål var for plantasjar og irrigert land, 2 291 for korn,[15] medan 14 mål var utbygde område.[16]
Etter 1948
endreEtter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 kom Al-Ram under Jordan sitt styre.
Etter seksdagarskrigen i 1967 har Al-Ram has vore under israelsk okkupasjon.
Venskapsbyar
endreKjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 324
- ↑ «The Israeli separation barrier surrounding a-Ram». Btselem. 1. januar 2014. Henta 18. januar 2014.
- ↑ Pringle, 1998, s. 179
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11
- ↑ de Roziére, 1849, s. 263: Haram, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
- ↑ Röhricht, 1893, RRH, s. 70- 71, No 278; s. 92, No 353
- ↑ 7,0 7,1 Pringle, 1998, s. 180
- ↑ Röhricht, 1893, RRH, s. 96, No 365
- ↑ Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 315-317
- ↑ Guérin, 1874, s. 199 ff
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 13
- ↑ Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 14
- ↑ Mills, 1932, s. 42
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154
- Denne artikkelen bygger på «Ar-Ram» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, C. R. (1881). «Lieutenant Conder´s reports». Quarterly statement - Palestine Exploration Fund 13: 158–208.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1874). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1997). Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem: an archaeological Gazetter. Cambridge University Press. ISBN 0521 46010 7.
- Pringle, Denys (1998). The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: Volume II L-Z (excluding Tyre). Cambridge University Press. ISBN 0 521 39037 0.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster. ( s. 108, 114, 141)
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana. (Index: s. 491: Aram (Haram), s. 504: Rama, Ramatha )
- Röhricht, Reinhold (1904). (RRH Ad) Regesta regni Hierosolymitani Additamentum (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana. (Index: s. 129: Aram #74; s. 134: er Ram #74; Rama #30a; (Rame? #512)
- de Roziére, red. (1849). Cartulaire de l'église du Saint Sépulchre de Jérusalem: publié d'après les manuscrits du Vatican (på fransk). Paris: Imprimerie nationale.
- Wilson, Charles Williams, ed. (1881, 1884): Picturesque Palestina, Sinai and Egypt. vol 1 of 4.