Opna hovudmenyen

Beit Hanina (arabisk بيت حنينا, hebraisk skrift בית חנינא) er ein palestinsk bydel i Aust-Jerusalem. Han ligg langs vegen til Ramallah, åtte kilometer nord for sentrum av Jerusalem, i ei høgd på 780 meter over havet.[2] Beit Hanina grensa til Hizma i aust, Shuafat i sør, Beit Iksa og Nabi Samwil i vest, og Bir Nabala, al-Jib, Kafr Aqab og ar-Ram i nord.

Beit Hanina
بيت حنينا
kommune
BeitHanina9861.JPG
Beit Hanina al-Balad (center)
Beit Hanina al-Jadid (top)
Namneopphav: Haninahuset[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°49′50″N 35°12′58″E
Areal 16,3 km²
Folketal 27 833 (2007)
Folketettleik 1 708 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Hanina

Beit Hanina er delt av Israel si sperring på Vestbreidda i Al-Jadida (den nye landsbyen), som ligg i den israelske Jerusalem kommune og omfattar det meste av de utbygde området, og Al-Balad (den gamle landsbyen), som ligg utafor kommunen.[3]

I 2007 hadde Beit Hanina eit folketal på over 27 000, med 26 762 innbyggjarar i den nye landsbyen og 1 072 i den gamle.[4]

HistorieEndra

Beit Hanina kan vere datert attende til kanaanittisk tid. I følgje den franske reisande Victor Guérin, var Beit Hanina den bibelske Ananiah som høyrte til Benjaminstammen. Edward Robinson var samd, medan W.F. Albright meinte at Ananiah er landsbyen al-Eizariya i Aust-Jerusalem.[5]

Fredagsmoskeen i Beit Hanina, Sultan Ibrahim Ibn Adham-moskeen, er tileigna Ibrahim ibn Adham.

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Beit Hanina oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar.[6]

Guérin, som vitja staden i 1863, estimerte at landsbyen hadde 300 innbyggjarar.

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som «ein mellomstor landsby, med steinhus, i særs steinete lende på ein rygg mellom to dalar. Han er omgjeve av oliven, og har ei kjelde i vest. Det veks òg vinrankar nær landsbyen.»[7]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde «Bait Hanina" eit folketal på 996, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 1226, framleis alle muslimar, i 317 hus.[9] I 1945 hadde Bein Hanina eit folketal på 1 590, alle arabarar, med 14 948 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 3 072 mål var plantasjar og irrigert land, 4 304 nytta for korn,[11] medan 219 mål vart utbygd land.[12]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Beit Hanina erobra av jordanske styrkar, i lag med resten av Vestbreidda og vart ein del av Jordan fram til 1967. Under jordansk styre vart det bygd nye vegar og skular.

Etter seksdagarskrigen i 1967 okkuperte israelarar Vestbreidda, i lag med Beit Hanina, og kommunegrensa til Jerusalem vart flytta heilt til den austlege delen av Beit Hanina, i dag kalla Beit Hanina al-Jadid.

Etter den andre Intifada byrja Israel å byggje Israel si sperring på Vestbreidda, som skilde Jerusalem-delen av Beit Hanina frå Vestbreidda. Området har stundom vore åstad for samanstøytar mellom israelske tryggleiksstyrrkar og palestinske militante.

KjelderEndra

  1. Palmer, 1881, s. 286
  2. Jerusalem neighborhoods
  3. High Court approves Bir Nabalah enklave. B'Tselem, 26. november 2006
  4. «Table 26: Stader på Vestbreidda by Selected Indicators, 2007», 2007 Census (PDF), Palestinsk statistisk sentralbyrå, s. 116 
  5. About Beit Hanina Offisiell nettstad Beit Hanina Community Sentral; Mohamed Shaker Sifadden
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 120
  7. Conder og Kitchener, 1883, s. 8
  8. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 14
  9. Mills, 1932, s. 38
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

BakgrunnsstoffEndra