Arafa-dagen
Arafa-dagen (yaum arafah) er ein muslimsk merkedag, den andre dagen av hadj-pilegrimstida og dagen før høgtida id ul-adha. Han fell på den 9. dhu al-hidja, 70 dagar etter slutten av ramadan og id al-fitr.
Arafa-dagen er rekna som datoen då islam blei fullbyrda. Dette var dagen då sure 5 i Koranen, Al-maidah, blei opplesen på Arafa.
På Arafa-dagen vil hadj-pilgrimar dra frå Mekka til åstoppen Arafa eller Arafat like utanfor byen. På denne toppen skal profeten Muhammed ha halde avskjedspreika si. Pilgrimane ber ståande om tilgjeving for syndene sine og personleg styrke i framtida. Dei samlar også steinar til den rituelle steininga av Satan.
Også muslimar som ikkje utfører hadj kan tilbringa dagen i bøn, faste og lesing av Koranen. Ein hadith seier at både syndene i året som har gått og det komande året blir tilgjevne om ein fastar på denne dagen.
Tidspunkt
endreDatoane for Arafa-dagen i den gregorianske kalenderen har dei siste åra vore:
- 2009: 26. november
- 2010: 15. november
- 2011: 5. november
- 2012: 25. oktober
- 2013: 14. oktober
Dagen startar ved solnedgang kvelden før.
Id ul-adha følgjer etter Arafa-dagen.
Bakgrunnsstoff
endre- Sure 5, Al-Maidah, med norsk tekst Arkivert 2013-01-29 ved Wayback Machine. (Korandatabasen ved islam.no Arkivert 2017-01-19 ved Wayback Machine.)
Kjelder
endre- The Day of Arafa, lasjan.page.tl
- Øyvind Færevik, YAUM ARAFAH (ARAFAH-DAGEN) Arkivert 2013-07-28 ved Wayback Machine., islam.no
- Förträffligheten i 'Arafah-dagen Arkivert 2013-09-15 ved Wayback Machine., muslim.se
- Abu Usaid, Tio första dagarna av månaden Dhul-Hijja, islamguiden.com