Steining er ein avrettingsmetode der det vert kasta stein på den dømde til han døyr. Steining er føreskriven i Bibelen og er òg ein tradisjonell avrettingsmåte i mange muslimske land. Iran er det einaste landet i verda der metoden blir brukt som offisiell avstraffing, men steining blir òg nytta i samband med sjølvjustis i andre land.

Steininga av heilage Stefan måla av Rembrandt i 1626.
Kart som viser land der offentleg steining er ei rettsleg eller utanomrettsleg form for straff.

Normalt skjer steining ved at ei folkemengd kastar stein på den dømde. Steinane skal vera store nok til å gjera skade, men ikkje så store at dei fører til tap av medvitet eller død med eitt treff. Avrettingsmåten kan derfor ta lang tid og er svært smertefull. I nokre tilfelle skjer døden ved kveling fordi den dømde er dekt med stein og så svekka at pusteorgana ikkje er sterke nok til å trekka inn luft.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Steining