Arkhe

(Omdirigert frå Arché)

Arkhe eller arché, gresk ἀρχή, er eit ord (ἀρχή) som tyder noko slikt som «byrjing» eller «opphavleg».

Før-sokratikarane lagde fleire teoriar om kva dette «opphavet åt alle ting» var. Teoriane om arkhe søkte å svara på kva som låg til grunn for den fysiske verda, rørsle og endring.

Thales såg på vatn, Anaksimander tenkte seg apeiron, Anaksimenes luft, Pythagoras kan seiast å ha hatt tal, Heraklit logos, Parmenides «Det Eine», Empedokles dei fire elementa og Demokrit tenkte seg atom som arkhe.

Avleiingar endre

Fleire moderne ord er avleia av arkhe, til dømes:

  • arkeologi, læra om livet i tidlege tider
  • arketyp(e), ei urform, gjerne ei som er sams for alle menneskja

Kjelder endre