Arasvika
(Omdirigert frå Aresvik)
Arasvika eller Arasvik (uttale ["ɑɾɑsˌʋi:cça] (nom./akk.), ["ɑɾɑsˌʋi:cçen] (dat.)), òg skrive Aresvik (det siste særleg som slektsnamn), er ein gamal gard på sørsida av Ertvågsøya. Det eldste kjende namnet på garden er Oraldsvik, eit namn som kjem fram av eit gamalt diplom frå 1342.[1] Det er og ei lita bygd og ein ferjestad ved Arasvikfjorden, i Aure kommune i Møre og Romsdal.
Frå Arasvika går det ferje over til Hennset i Heim kommune kommune. Ferjestrekningen er del av riksveg 682.
Folk frå Arasvika
endre- Holger Aresvik (1883–1938) var ein god felespelemann som utmerkte seg med mykje lydarslåttspel og posisjonsspel.
- Oddvar Aresvik (1915–1996) var professor i landbruksøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole på Ås.