Argenteuil er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 12,3 km frå sentrum av Paris. Argenteuil er sous-préfecture (underhovudstad) i departementet Val-d'Oise og er òg sete i Arrondissementet Argenteuil.

Argenteuil
Horisonten til Argenteuil
Horisonten til Argenteuil
Byvåpenet til Argenteuil
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Val-d'Oise
Geografi
Flatevidd 17,22 km²
Flatevidd
 - By

17,22 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

101 300
  5 883/km²
Koordinatar 48°56′55″N 02°14′54″E / 48.94861°N 2.24833°E / 48.94861; 2.24833
Høgd over havet 42 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-argenteuil.fr

Argenteuil vart grunnlagd som eit nonnekloster på 600-talet, men dette vart øydelagd under den franske revolusjonen. Argenteuil var kjend for den kvite aspargesen og druene som vart dyrka her. Ordet Argenteuil er synonymt med kvit asparges på menyar. Ein gong var staden ein stad der parisarane kunne vandre i landlege omgjevnadar, men er i dag ein urban forstad til Paris. Målarar, som Claude Monet, har mellom anna gjort Argenteuil vidkjend.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Argenteuil