Asparges

planteart
Asparges
Asparges
Asparges
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Asparagoideae
Slekt: Aspargesslekta Asparagus
Art: Asparges A. officinalis
Vitskapleg namn
Asparagus officinalis

Asparges (Asparagus officinalis) er ein planteart i aspargesfamilien.[1][2] Han er ein urteaktig fleirårig plante i aspargesslekta. Dei nye skota om våren blir brukt som grønsak.

Aspargesskot.

Aspargesplanten veks naturleg i det meste av Europa, nordlege Afrika og vestlege Asia.[3][4][5] I Noreg er asparges ein framandart som vart innført som matplante i alle fall frå 1600-talet. Han vart først funnen i norsk natur midt på 1800-talet. Asparges er no nokså vanleg langs kysten frå Østfold til Kristiansand og er der fullt naturalisert. Han finst ellers vidare langs kysten spreidd til Nord-Trøndelag og svært spreidde stader i innlandet austafjells.[1] Arten var ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018, men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).[6]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 226. 
  2. «Artsdatabanken: Asparges». Artsdatabanken. 7. mars 2023. 
  3. «Asparagus officinalis». Flora Europaea. Royal Botanic Garden Edinburgh. Henta 19 May 2010. 
  4. «Asparagus officinalis». Euro+Med Plantbase Project. Botanic Garden and Botanical Museum Berlin-Dahlem. Arkivert frå originalen 11 August 2011. Henta 19 May 2010. 
  5. USDA, ARS, National Genetic Resources Program. «Asparagus officinalis». Germplasm Resources Information Network. Beltsville, Maryland: National Germplasm Resources Laboratory. Henta 19 May 2010. 
  6. «Fremmedartslista 2023: asparges Asparagus officinalis L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 13. februar 2024.