Oscar-Claude Monet (14. november 18405. desember 1926) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar.

Claude Monet

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. november 1840
Paris
Død

5. desember 1926 (86 år)
Giverny

Yrke kunstmålar, grafikar
Sjanger landskapsmåleri, stilleben, portrett
Ektefelle Camille Doncieux, Alice Hoschedé
Born Jean Monet, Michel Monet
Signatur
Claude Monet på Commons
Monet måla av Renoir i 1875.

Claude Monet var fødd i Paris. Som 5-åring flytta familien hans til Le Havre, der han seinare byrja på teikneskule. Då han var 18 år, blei han overtalt til å byrja med måling av Eugène Boudin. Monet reiste til Paris for å studera målarkunst.

Monet byrja som landskapsmålar. Når han måla bileta sine stod han alltid ute, han meinte at bileta måtte gjerast ferdig på staden. På grunn av farge og lysendring i naturen, meinte Monet at han måtte jobbe raskt med bileta. Han hadde for dårleg tid til å blande saman fargar så han la fargane rett på lerretet med lette strøk.

Målarretninga Claude Monet var med på å utvikle er den som blir kalla impresjonismen. Ordet stammar frå det franske ”Impression” som betyr inntrykk. Målarane var ikkje så opptekne av motivet, men av inntrykka dei fekk av naturen.

Monet sa eingong at han ønskte at han blei fødd blind for deretter å få synet tilbake, då kunne han byrje å måle utan å vite kva han måla. Monet måla ofte fleire bilete av same motivet, men med forskjellige fargar og lyssetting.

Vinteren 1895 var han i Sandvika i Bærum og måla ei rekke bilete med lokale motiv. Det mest kjente er gamle Løkke bru i Sandvika. Måleriet blei heimkjøpt på 1990-talet då det var lagt ut for sal. Kjøpet blei finansiert av Den norske Arbeidsgiverforeing (no NHO) og er no i samlingane til Nasjonalgalleriet. Eit anna kjent bilete med lokalt motiv er Kolsåstoppen som Monet måla. Claude Monets allé i Sandvika er oppkalla etter han.

Claude Monet døydde 5. desember 1926 i Giverny, 86 år gammal. Han ligg gravlagt i Giverny.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Claude Monet