Arid Uka[a] (fødd 8. februar 1990 i Mitrovica) er ein kosovoalbanar som drap to personar og skada to andre på Frankfurt am Main lufthamn 2. mars 2011. Hendinga er rekna som det første snikmordet i Tyskland med islamistisk bakgrunn.[1][2][3][4]

Arid Uka
Verkeleg namn Arid Uka
(serbisk Арид Ука)
Fødd 8. februar 1990, Mitrovica i Jugoslavia (no Kosovo)
Hending
Dato 2. mars 2011
Stad Terminal 2 på Frankfurt am Main lufthamn i Frankfurt am Main i Tyskland
Døde 2
Skadde 2
Angrepsmetode Skyting
Arrestert 2. mars 2011
Dom Fengsel på livsstid frå 10. februar 2012

Mordattentatet endre

Åstaden var eit offentleg område i Terminal 2 på busshaldeplass-sona på flyplassen. Denne vart jamnle nytta av den amerikanske hæren for militære bussar.[5] Bussen var meint som transport for ei rekkje amerikanske soldatar som nyleg hadde landa på flyplassen. Soldatane hadde tidlegare vore stasjonert ved Lakenheath Airbase i Storbritannia, og skulle ha vore vidaresende til Ramstein Air Base i Rheinland-Pfalz. Då hendinga fann stad hadde dei fyrste soldatane gått ombord i bussen, medan andre framleis stod utanfor. Då ein soldat frå US Air Force skulle gå ombord vart han skoten i bakhovudet av Uka. Like etterpå vart bussjåføren òg skoten og drepen.[6] Offera var den 25 år gamle Nicholas J. Alden og 21 år gamle Zachary Cuddeback.[7] Uka gjekk så inn på bussen og sikta på soldatar som ikkje hadde moglegheit til å flykte. Han skaut to personar som vart alvorleg skadde, men overlevde. Ein femte person, som prøvde å gøyme seg mellom to seteradar, fekk han ikkje moglegheit til å skote. Uka forlét bussen og prøvde å flykte gjennom terminalen for å gøyme seg i menneksemengda. To personar, det femte målet i bussen, sersjant Trevor Brewer og ein tryggleikstilsett av amerikansk opphav, Lamar Connor, følgde etter. Inne i terminalen vart Uka arrestert av tysk politi. Brewer og Connor vart seinare heidra med Forbundsrepublikken Tysklands fortenstorden.[8] 10. februar 2012 vart han dømd til fengsel på livstid.[9]

Sjå òg endre

Merknadar endre

  1. Kyrillisk skrift Арид Ука

Kjelder endre

Fotnotar endre