Arild Sundgot

norsk fotballspelar

Arild Sundgot (fødd 17. april 1978) er ein norsk fotballspelar. Sundgot er ein angrepsspelar. Fotballkarriera starta i byen der han voks opp, Ulsteinvik, for IL Hødd. Sundgot sitt første møte med Eliteserien kom med nettopp Hødd, i deira opprykk til 1995-sesongen. Her vart det 2 mål på 10 kampar for sunnmøringen.

Arild Sundgot

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. april 1978 (46 år)
Ulsteinvik
Yrke fotballspelar
Høgd 187 centimeter
Far Otto Sundgot
Arild Sundgot på Commons

I 1997-sesongen ikledde Sundgot seg ei ny drakt, nemleg for Lillestrøm SK. Dette er også Sundgot sin noverande klubb, sjølv om overgongsspekulasjonane var store etter endt 2005-sesong. Spelaren vil for alltid vere ein viktig del av Lillestrøm si historie, då Sundgot er den mestskårande spelaren i Eliteserien for klubben nokon gong. På tolv sesongar har han laga 88 mål på 247 kampar for LSK i Eliteserien. Han har med dette slått rekorden til Lillestrøm-legenda Tom Lund, som hadde 64 mål på 149 kampar.

Han er son til tidlegare Høddspelar Otto Sundgot, og bror til Ole Bjørn Sundgot.

Arild Sundgot sine sesongar i eliteserien for Lillestrøm:

Sesong Kampar Mål
1997 12 0
1998 25 3
1999 21 7
2000 22 8
2001 16 9
2002 22 5
2003 19 8
2004 21 14
2005 25 11
2006 24 7
2007 25 10
2008 15 6

Kjelder endre

http://fotball.aftenposten.no/eliteserien/index.jsp?service=default&stats=true&type=person&personId=1637&seasonId=6500

Lillestrøm – spelarstallen 2013
Målmenn
  12 Nils Kenneth Udjus
  77 Arnold Origi Otieno
Forsvarsspelarar
  2 Anders Østli
  3 Isak Scheel
  13 Frode Kippe
  20 Stian Ringstad
  24 Marius Høibråten
  27 Fredrik Stoor
Midtbanespelarar
  4 Ruben Gabrielsen
  7 Johan Andersson
  8 Bjørn Helge Riise
  10 Petter Vaagan Moen
  11 Erling Knudtzon
  14 Pálmi Rafn Pálmason
  17 Erik Mjelde
  18 Markus Furseth
Angrepsspelarar
  9 Fredrik Gulbrandsen
  19 Joachim Osvold
  21 Moryké Fofana
  22 Thorstein Helstad