Arild i Skåne
56°16′10.805″N 12°34′45.646″E / 56.26966806°N 12.57934611°E
Arild er ein tettstad i Höganäs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 537 innbyggjarar.
Badestad og kunstnarkoloni
endreSaman med det nærliggande Mölle har Arild vore ein velkjend badestad siden byrjinga av 1900-talet.
Arild var òg ein etablert kunstnarkoloni med kjende namn som Gustaf Rydberg, Gustaf Cederström, Fritz von Dardel, Olof Krumlinde, Isaac Grünewald, Natanael Beskow, Rickard Berg og Herman Österlund samt fleire Skagenmalere, som samla seg på Mor Cillas vertshus. På Kullaberg kunne dei dra fordel av eit sterkt sommarlys som minna om det i Skagen. Ein av dei første kunstnarane som oppdaga Arild var den norske målaren Adolph Tidemand.
Attraksjonar
endreI Arild ligg Arilds kapell, det eianste bevarte frittståande kapellet i Skåne frå mellomalderen. Arild er ein populær sommarby med aktivitetar som golf, sportsfiske, tennis, segling og dykking.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arild (Skåne)» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.