56°17′0.20760″N 12°29′39.127″E / 56.2833910000°N 12.49420194°E / 56.2833910000; 12.49420194

Mölle

Mölle er ein tettstad i Höganäs kommun i Skåne län i Sverige. I 2011 hadde tettstaden 715 innbyggjarar. Mölle ligg på Kullen (Kullaberg) ved Øresund og er ein populær turiststad på sommaren.

Historie endre

I Mölle vart badelivet tidleg utvikla. På 1890-talet vart Mølle ein av dei første badebyane i Sverige. Ei rask omstilling frå fiskevær til turiststad gjorde heile samfunnet til ein del av turistindustrien.

Det vart bygt eit tjuetals hotell og pensjonat då turistnæringa strekte seg ut langs sørsida av Kullaberg med milevid utsikt mot Mölle hamn, Kattegat, Øresund og over mot Danmark.

I åra før 1914 trekte Mölle til seg mange danske og tyske gjester. Dei tyske gjestene forsvann under første verdskrigen, men i mellomkrigsåra fekk Mölleturismen eit nytt sterkt oppsving, inntil dei tyske besøka tok slutt i og med at nazistane tok over makta i 1933. Då sette strenge tyske valutareglar ein stopp for nesten all tysk utanlandsturisme.

Etter andre verdskrigen freista ein igjen å blåse liv i dei utanlandske turiststrøymane. Men nye ferievanar og ein aukande bilisme har etter kvart gjort Mölle og Kullaberg meir til eit populært mål for dagsutflukter og mindre ein kurstad med kontinentalt snitt.

 
Mölle sett frå havet

Mölle i dag endre

Fleire av hotella i Mölle vart på 1960-talet ombygd til sjukeheimar. Deretter skjedde ei ombygging til leilegheiter. Framleis har Mölle med sine 700 fastbuande innbyggjarar seks aktive sommarhotell, to golfbanar (Mölle GK og St. Arilds GK), ein populær campingplass, fleire dykkeområde og ein godt vitja småbåthamn. Staden saknar derimot daglegvarebutikkar og andre permanente servicetilbod.

Litteratur endre

  • Magnusson, Erik. "Det vackra huset i Möllebergsbacken, om 150 år av turism vid Kullabergs fot". ISBN: 978-91-85517-11-4. Monitorförlaget 2009.
  • Pyk, Hans-Otto. "Mölle genom fem sekler 1491-1991". Mölle byförening 1991.
  • Knafve, Bert och Kirsten. "Bilder från Kullabygden". Liber 1981.
  • Olsheden, Jan och Olsson,Stellan. "Vad gjorde farfar i Mölle?" ISBN B0014SP05M. Mölle 1967.
  • Mölleryd, Anders W. "Mölle-Kullen genom tiderna". Del I-VII. Eremit-press 1959-81.

Kjelder endre