Arizona Live '92
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve August 2004
Innspelt 29. oktober 1992
Spelestad Mall Amphitheater i Scottsdale i Arizona i USA
Sjanger
Lengd 2:00:59
Selskap TDI
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
East
(2004)
Arizona Live '92 Cleveland - June 24th 1986
(2005)


Arizona Live '92 er det 88. albumet totalt og det 20. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i august 2004.[1] Dette var det tredje av i alt fem album i den såkalla Vault-serien til bandet.[1]

Arizona Live inneheld ein komplett konsert frå den nordamerikanske turneen deira i 1992. Konserten inneheld konsertversjonar av spor frå albuma Risky Business (1984), Melrose (1990) og Rockoon (1992), i tillegg til to komposisjonar som kom ut seinare på albuma Turn of the Tides (1994) og Oasis (1997). Dei ni andre spora har aldri vore gjevne ut på studioalbum, men var med på konsertalbumet 220 Volt Live (1993), som består av høgdepunkt frå turneen deira i 1992, men ikkje ein komplett konsert.

I følgje nettsida til Jerome Froese skulle dette albumet alt ha kome ut i 1993 som 220 Volt, men plateselskapet ønskte ikkje å gje ut eit dobbeltalbum.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit nytt plateomslag.

Innhald endre

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Waterborne»3:27
2.«Touchwood»4:53
3.«Rolling Down Cahuenga»6:33
4.«The Blue Bridge»3:52
5.«Oriental Haze»6:10
6.«Graffiti Street»6:05
7.«Melrose»6:32
8.«Two Bunch Palms»5:52
9.«220 Volt»9:01
10.«Homeless»9:53
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«Story of the Brave»4:51
2.«Sundance Kid»4:58
3.«Girls on Broadway»4:51
4.«Love on a Real Train»3:58
5.«Backstreet Hero»8:45
6.«Body Corporate»3:55
7.«Rockoon»7:30
8.«One Night in Medina»4:21
9.«Hamlet»8:36
10.«Dreamtime»3:31
11.«Purple Haze»3:25

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Arizona Live '92». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.