Melrose av Tangerine Dream

studioalbum av Tangerine Dream
Melrose
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Oktober 1990
Innspelt Juni og juli 1990
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 59:00
Selskap Private Music
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Destination Berlin
(1989)
Melrose Canyon Dreams
(1991)


Melrose er det 39. albumet og det 20. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Albumet kom ut i 1990 på Private Music, som vart starta av det tidlegare Tangerine Dream-medlemmet, Peter Baumann. Albumet består av mykje av den same instrumentale popstilen som ein hadde høyrt på dei to førre platene på Private Music, Optical Race og Lily on the Beach. Sonen til Edgar Froese, Jerome, er med på plata for første gong som fulltidsmedlem i Tangerine Dream. Dette var det siste albumet til Paul Haslinger med Tangerine Dream.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Heile albumet vart spelt inn på ny i 2002 som ein del av plateboksen The Melrose Years, i lag med nyinnspelingar av Optical Race (1988) og Lily on the Beach (1989). I motsetnad til desse to andre platene, har ikkje nyinnspelinga av Melrose kome ut på sjølvstendig album. Ei utgåve som kom i mars 2009 er i følgje plateomslaget denne nyinnspelinga, men innhaldet på plata er originalutgåva frå 1990.

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Melrose»Jerome Froese5:44
2.«Three Bikes in the Sky»Edgar Froese, Paul Haslinger5:58
3.«Dolls in the Shadow»Jerome Froese5:10
4.«Yucatan»Edgar Froese, Paul Haslinger5:16
5.«Electric Lion»Edgar Froese, Paul Haslinger8:13
6.«Rolling Down Cahuenga»Edgar Froese, Paul Haslinger6:43
7.«Art of Vision»Jerome Froese5:30
8.«Desert Train»Edgar Froese, Paul Haslinger10:17
9.«Cool at Heart»Edgar Froese, Paul Haslinger6:09

Medverkande endre

Tangerine Dream
Gjestemusikar
  • Hubert Waldner – saksofon på «Melrose»
Teknisk

Kjelder endre

  1. Widran, Jonathan. Melrose av Tangerine DreamAllmusic
  2. Berling, Michael. «Melrose». Voices in the Net. Henta 10. april 2013.