Arkosaurar
Archosauria er ei gruppe virveldyr som omfattar to gjenlevande dyregrupper; krokodillar og fuglar. Dei utdøydde dinosaurane og flygeøglane vert òg rekna til gruppa.
Arkosaurar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Infraklasse: | †Elpistostegalia |
Klade: | Arkosaurar Archosauria Cope, 1869 |
Kjenneteikn
endreArchosaurane vert definert ved fire hovudkaraktertrekk:
- Tennene (om dei er der) er fest i gropar i hovudskallen, noko som gjer at dei er festa betre.
- Det er eit relativt stort holrom i kraniet mellom hola for nasebor og augeholer, noko som gjer at skallen vert lettare å bera. Dette er ei praktisk tilpassing både for enorme dyr som dinosaurane og for flygande dyr som fuglane og pterosaurane.
- Lårbeinet har ein utvekst kalla den fjerde trochanteren. Denne vert nytta hovudsakleg som muskelfeste.
- Små opningar i kjevebeina. Desse kan ha ein avgrensa effekt når det kjem til å redusera vekt.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) arkosaurar i Encyclopedia of Life
- (en) arkosaurar hos Fossilworks
- (en) arkosaurar hos ITIS
- (en) arkosaurar hos NCBI
- (en) Kategori:Archosauria – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Archosauria – detaljert informasjon på Wikispecies