Arlene Wilkes (fødd 3. august 1964) er ein trinidadisk-norsk dansar frå San Fernando på Trinidad, kjent og prislønt som dansar ved norske scenar.

Arlene Wilkes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. august 1964 (59 år)
Yrke skodespelar, dansar, songar

Wilkes gjekk på ballettskule hos norske Jennifer Day i Port of Spain, og vart med Day til Noreg i 1982. Jennifer Day starta Carte Blanche i 1984 og Wilkes var med frå starten og ho foreslo òg namnet (frie hender). Før dette studerte ho eit år ved Statens balletthøgskole. Ho vart norsk statsborgar i 1990.

Wilkes dansa med Oslo Dance Ensemble frå starten i 1993, og til 2003.

Arlene Wilkes budde i Noreg til 2005 då ho returnerte til heimlandet, men kom tilbake til Oslo i 2009 for å spele Tanja i Mamma MiaFolketeateret. Elles har ho spelt i Offshore i 1998. Eit par framferder i Melodi Grand Prix vart det òg i 2004 og 2006.

Framferder endre

TV endre

  • Hilde på TV (Norsk bidrag til Montreux-festivalen i 1986 - bronserosa)
  • Snørreliv og Stive Snipper (ein cabaret for TV)
  • Metropolis (portrett på koreograf Kjersti Alverberg)
  • Holmenkollen Konsertene (4 produksjonar)
  • TV Ballets : "Spirits", "Dance Macabre" and "Prayer" av Kjersti Alveberg

Musikalar endre

  • Cats - Det Norske Teatret -1986
  • The Twelve Penny Opera - Det Norske Teatret -1989
  • West Side Story (Rosalia/Anita) - Chateau Neuf -1990
  • Anything Goes - Oslo Nye Teater - 1990
  • Pal Joey - Oslo Nye Teater -1991
  • Hair (Jeannie) - Bryggeteater -1992
  • Crazy for You (Tess) - Oslo Nye Teater -1995
  • Jungelboken (3 produksjonar) - Bryggeteater og Det Norske Teatret
  • The Red Noses - National Theatret -1996
  • A Chorus Line (Cassie) - Chateau Neuf - 1996
  • West Side Story (Anita) - Trøndelag Teater -1997
  • Robin Hood - turné - 1998
  • Grease - turné - 1999
  • Bør Børson - Det Norske Teatret -2000
  • Jesus Christ Superstar (Mary Magdalene) - Grimstad -2002
  • Chicago (Velma) - Oslo Nye Teater -2002
  • Fame - Chat Noir / turné - 2002
  • My Fair Lady - Oslo Nye Teater - 2003
  • La Cage aux Folles - Oslo Nye Teater - 2004
  • Gamle Menn og Engler (i Stavern) - 2005
  • West Side Story (Anita) - 2006
  • Jeg Vet En Vind - Galeiscenen i Stavern - 2006
  • Wildenvey - dager derpå Galeiscenen i Stavern - 2007
  • Mamma Mia (Tanja) - Folketeateret - 2009

Teater endre

  • Drama Festival på Det Norske Teateret - 1991
  • «An Inspector Calls» - 1995
  • «Mephisto» - 1998
  • «Den Hemmelege Hagen» Det Norske Teatret - 2010

Premiar endre