Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 2004

42. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 2004 var den 42. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Tolv finalistar deltok i finalen 6. mars 2004 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «High», framført av Knut Anders Sørum. Songen er komponert av Thomas Thörnholm og Lars Andersson, med tekst av Dan Attlerud. Sørum representerte Noreg i den internasjonale finalen i Istanbul og kom på 24. og siste plass med 3 poeng. Dette var Noregs tiande sisteplass i Eurovision Song Contest.

Melodi Grand Prix 2004
Dato
Finale 6. mars 2004
Vertskap
Finale Oslo Spektrum, Oslo
Programleiar Ivar Dyrhaug
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 12
Vinnar
Song «High»
Artist Knut Anders Sørum
Resultat i Eurovision Song Contest 2004
Finalepoeng 3
Finaleplass 24.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2003 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2005

SendingaEndra

Også dette året opna NRK for at utanlandske låtskrivarar kunne levere bidrag i den opne konkurransen, noko som førte til at utlendingar stod heilt eller delvis bak halvparten av finalelåtane. Til saman kom det inn 530 låtar til tevlinga, og tolv av dei blei plukka ut til finalen laurdag 6. mars.[1]

Finalen gjekk nok ein gong av stabelen i Oslo Spektrum, og Ivar Dyrhaug var programleiar for første gong sidan 1983. Deltakarlåtane blei presenterte veka før finalen, og sjåarane kunne SMS-røyste på favorittane sine heile veka før finalen.

Dei fleste deltakarane var ukjende for dei fleste sjåarane, med Arlene Wilkes og Idol-deltakar Rebecca Ludvigsen som unntak.

Også dette året blei resultatet avgjort fullt ut av sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. Først blei dei tolv finalemelodiane spelte ein gong, før publikum fekk røyste. Etter ein halvtimes sendepause begynte del to med røystinga for første runde. Dei fire best plasserte songane gjekk vidare til superfinalen, og publikum fekk røyste om att. I den andre røysterunden talde kvar telefonrøyst eitt poeng, og til slutt vann balladen «High» med over 26 000 røyster meir enn «This Is Where You Got It From». Dette var første gang utlendingar stod bak vinnaren av Melodi Grand Prix, for «High» var skriven av tre svenskar.

ResultatEndra

Første rundeEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «I Don't Understand Her» Aslak J. Johnsen Aslak J. Johnsen, Benjamin Sletten og Anders Bjørknes 19 7
B «The Way I Feel» Maria Moe Kyrre Fritzner og Maria Moe Maria Moe 10 10
C «Crazy Things» Wig Wam Wig Wam 34 4
D «Mr. Brown» Ja-Da Ivan Jonas og Maxim Popov 31 5
E «1000 And One Nights» Rebecca Ludvigsen David Clewett, Yak Bondy og Ivar Lisinski 41 3
F «Crying» Christian Hovda Arne Hovda og Per Kristian Ottestad 0 11
G «What Do You Think I Am» Dilsa Kim Bergseth, Dilsa Calimi Tristan De la Villier og Dilsa Calimi 16 8
H «See the World» Svein Lindland Dag Lauvland 30 6
I «Sunshine» Malin Schavenius Michael Lundh, Quint Starkie og Anna Sahlin 0 11
J «High» Knut Anders Sørum Thomas Thörnholm og Lars Andersson Dan Attlerud 50 1
K «I Knock on Wood» Lisa Marie Strandengen Glenn Gulli og Åsmund Ruud Åsmund Ruud 11 9
L «This Is Where You Got It From» Arlene Wilkes Torbjörn Wassenius og Claes Andreasson 48 2

SuperfinaleEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Stemmer Plass
C «Crazy Things» Wig Wam Wig Wam 48 920 3
E «1000 And One Nights» Rebecca Ludvigsen David Clewett, Yak Bondy og Ivar Lisinski 46 675 4
J «High» Knut Anders Sørum Thomas Thörnholm og Lars Andersson Dan Attlerud 82 427 1
L «This Is Where You Got It From» Arlene Wilkes Torbjörn Wassenius og Claes Andreasson 56 281 2

RøystingEndra

I første røysterunde gav kvar landsdel 1–8, 10 og 12 poeng ut frå kor mange telefon- og SMS-røyster dei ulike bidraga fekk. Dei fire beste bidraga gjekk vidare til superfinalen.

Nr. Tittel Nord-Noreg Sør-Noreg Vest-Noreg Midt-Noreg Aust-Noreg Totalt
A «I Don't Understand Her» 5 4 4 5 1 19
B «The Way I Feel» 2 2 1 3 2 10
C «Crazy Things» 6 6 7 7 8 34
D «Mr. Brown» 12 5 5 6 3 31
E «1000 And One Nights» 7 7 8 12 7 41
F «Crying» 0
G «What Do You Think I Am» 3 3 3 1 6 16
H «See the World» 4 12 6 4 4 30
I «Sunshine» 0
J «High» 10 8 12 8 12 50
K «I Knock on Wood» 1 1 2 2 5 11
L «This Is Where You Got It From» 8 10 10 10 10 48

SuperfinalenEndra

Dei fire beste låtane frå første runde gjekk vidare til superfinalen. Her blei låtane framførte om att, og tv-sjåarane røysta på nytt. No talde kvar røyst eitt poeng. Poenga i tabellen under motsvarar altså mottatte telefon- og SMS-røyster.

Nr. Tittel Nord-Noreg Vest-Noreg Sør-Noreg Midt-Noreg Aust-Noreg Totalt
C «Crazy Things» 5 498 8 043 7 867 6 452 21 060 48 920
E «1000 And One Nights» 5 073 9 654 7 208 8 309 16 431 46 675
J «High» 7 295 13 273 11 914 8 080 41 865 82 427
L «This Is Where You Got It From» 4 701 9 137 8 349 5 691 28 403 56 281

HendingarEndra

Finalen blei sett av 1 228 000 sjåarar, noko som motsvarar 75 prosent av alle som såg på tv i det aktuelle tidsrommet sendinga gjekk.[2]

Det norske bidraget kom sist i Eurovision Song Contest og fekk berre 3 poeng – alle frå Sverige. Sisteplassen gjorde at Noreg måtte gjennom ein semifinale i den internasjonale finalen året etter.

FotnotarEndra

  1. Bakkemoen, Kurt (12. januar 2004). «I finaleheatet for Grand Prix»VG Nett.
  2. «Grand Prix vant seerne». TV2.no. 8. mars 2004.