Armida al campo d'Egitto

Armida al campo d'Egitto er ein opera i tre akter av Antonio Vivaldi til ein libretto av Giovanni Palazzo. Han vart først framført under karnevalet i 1718 ved Teatro San Moisè i Venezia. Utgåva til Vivaldi er ein av meir enn 50 operaer basert på eit tema frå soga om Rinaldo og Armida i det episke diktet til Torquato Tasso, La Gerusalemme liberata (Det frigjorde Jerusalem).[1] Armida vart framført på ny under karnevalet i 1738, med mykje av musikken omskriven og ariar av Leonardo Leo lagt til. Akt II av den originale versjonen av operaen er i dag tapt.

Armida al campo d'Egitto
RV 699
Opera av Antonio Vivaldi
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert15. februar 1718
Urframføring14. februar 1718 1718
Revidert1738
Tekst avGiovanni Palazzo

Roller

endre

Namna på songarane gjeven i libretooen for den første framsyninga[2] står i parentes.

  • Armida, ei kongeleg prinsesse - kontraalt (Antonia Merighi)
  • Califfo, Kongen av Egypt - bass (Annibale Imperatori)
  • Tisaferno - kontralt castrato (Francesco Braganti)
  • Adrasto - kontraalt (Costanza Maccari)
  • Emireno, ein general - kontraalt castrato (Francesco Natali)
  • Erminia, ei kongeleg prinsesse - sopran (Chiara Orlandi)
  • Osmira, niesa til Califfo - sopran (Rosa Venturini)

Kjelder

endre
  1. Jellinek, George (1994) s. 354
  2. Libretti a stampa: Armida al campo d'Egitto Arkivert 2011-09-28 ved Wayback Machine., www.italianopera.org. Vitja 20. juli 2010