Armilla (latinsk for «ring») eller armillarsfære er eit kuleforma skjelett av sirkulære metallringar som representerer dei sirklane som er viktigast for observasjonar på stjernehimmelen. Apparatet vart innført i antikken av dei alexandrinske astronomane, som òg gjorde ringane mogelege å dreie med sikte og graderingar, slik instrumentet kunne nyttast til astronomiske vinkelmålingar. Fram til Tyge Brahe si tid var armilla det mest nytta instrumentet for måling av timevinkel og deklinasjon.

Jost Bürgi og Antonius Eisenhoit: Armillarsfære med astronomisk klokke, laga i 1585 i Kassel, i dag i Nordiska Museet i Stockholm.

Armillaen er avbilda i flagget til Brasil og Portugal.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Armilla