Noregs geologiske undersøking
(Omdirigert frå Noregs geologiske undersøkingar)
Noregs geologiske undersøkingar (NGU) er ein norsk statleg etat med ansvar for geologisk kartlegging og forsking.
Noregs geologiske undersøking | |||
NGUs hovudkontor på Lade i Trondheim | |||
Org.nummer | 970 188 290 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 6. februar 1858 Noreg[1] | ||
Grunnleggjar | Theodor Kjerulf | ||
Hovudkontor | Leiv Eirikssons vei 39, 7040 Trondheim | ||
Adm. dir. | Morten Smelror | ||
Stab | 213 (i 2011)[2] | ||
Verkeområde | Noreg | ||
Omsetjing | 254 millionar NOK | ||
Undergrupper | Nasjonalt Borkjerne og Prøvesenter | ||
Eigarskap | Nærings- og handelsdepartementet | ||
Motto | Geologi for samfunnet | ||
Nettstad | www.ngu.no |
Etaten er underlagt Nærings- og handelsdepartementet og har hovudkontor i Trondheim med filial i Tromsø. Administrerande direktør er Morten Smelror og etaten har rundt 200 tilsette (2002).
NGU har som hovudoppgåver å samle, handsame og formidle kunnskap om dei fysiske, kjemiske og mineralogiske eigenskapane til berggrunn, lausmasse og grunnvatn i landet. Viktige område for denne verksemda er, i tillegg til det norske fastlandet, Arktis, Svalbard og kontinentalsokkelen.
Direktørar
endreBestyrar | Periode |
---|---|
Theodor Kjerulf | 6. februar 1858–1888 |
Hans Henrik Reusch | 1888–1921 |
Tittelen bestyrar blei erstatta av Administrerande direktør i 1915. | |
Carl Bugge | 1921–1951 |
Sven Føyn | 1951–1958 |
Harald Bjørlykke | 1958–1963 |
Karl Ingvaldsen | 1963–1973 |
Knut Heier | 1974–1994 |
Arne Bjørlykke | 1994–1. august 2006 |
Morten Smelror | 1. august 2006- |