Arne Dokken

norsk fotballspelar

Arne Dokken (fødd 27. august 1955) er ein norsk tidlegare fotballspelar, -trenar og idrettsleiar frå Drammen. Han vart norsk meister to gongar med Lillestrøm SK og gresk cupmeister for Panathinaikos. Dokken var midtspiss og deltok i 24 landskampar for Noreg.

Arne Dokken


Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1955 (68 år)
Drammen kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Dokken markerte seg i 1972 som flittig målskårar for Åssiden IF, og bidrog mykje til at det vart opprykk til 3. divisjon. Frå 1975 spelte han for Strømsgodset IF, allereie i sin fyrste sesong vart han toppskårar i 1. divisjon. Han fylgde laget ned i 2. divisjon, men gjekk vinteren 1978 over til fyrstedivisjonslaget Lillestrøm SK. Han var innbytar då LSK vann cupfinalen 1978. Sesongen 1980 vart han toppskårar i norsk seriefotball. Sommaren 1981 vart Dokken overført til den greske toppklubben Panathinaikos. Sesongen 1983/84 gjorde han teneste i Apollon. Etter tre sesongar i gresk fotball, vende han i 1984 tilbake til Noreg og spel for Rosenborg BK til 1986. Frå hausten 1985 til -87 hadde han rolla som hovudtrenar i Trondheims-klubben.

Landslagsspel endre

Dokken fekk sin landslagsdebut 28. august 1975, dagen etter fylte 20 år. Han spelte 3 landskampar i 1975-76, og 21 kampar i tida frå juli 1980 til september 1984. 9. september 1981 var han innbytar då Noreg slo England 2-1 på Ullevål stadion i ein VM-kvalifiseringskamp. Dokken lukkast ikkje skåre meir enn 2 landslagsmål, det fyrste mot Finland i 1980 og det andre mot Luxembourg i 1984.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1978 og 1981 for Lillestrøm SK
  • Gresk cupmeister: 1982 for Panathinaikos

Ymse endre

Dokken har hatt trenar- og leiaroppgåver i ei rad med norske fotballklubbar.

Kjelder endre