Arne Ivarsson Grønningsæter
norsk strotingsmann, ordførar og gardbrukar
Arne Ivarsson Grønningsæter (20. mai 1781–1. oktober 1858) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Norddal. Han var far til Elias Arnesson Grønningsæter.
Arne Ivarsson Grønningsæter | |||
Fødd | 20. mai 1781 Norddal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 1. oktober 1858 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Barn | Elias Arnesson Grønningsæter | ||
Alle verv |
|
Han var frå garden Omnos i Valldalen i Norddal, og gifta seg til garden Grønningsæter, også i Valldalen. I 1833 var han 1. representant frå Romsdals amt på Stortinget, medlem av kyrkjekomiteen. Han vart i 1838 vald til fyrste ordførar i Norddal, med Sunnylven, eit ombod han hadde til og med 1844.
Grønningsæter døydde på Dale i Norddal.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Arne Ivarsson Grønningsæter NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv