Norddal kommune
Norddal er ein tidlegare norsk kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Stordal kommune til Fjord kommune.
Norddal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Valldal | ||
Areal | 944 km² | ||
• land | 902 km² | ||
• vatn | 42 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Arne Sandnes (Sp) | ||
Kommunenr. | 1524 | ||
Norddal kommune 62°17′32″N 7°26′18″E / 62.292222222222°N 7.4383333333333°E | |||
Kart som viser Norddal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Norddal | |||
Nettstad: www.norddal.kommune.no |
Bygder i kommunen var Eidsdal, Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret låg på Sylte i Valldal. Det er grunnskular i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda. Norddal er også prestegjeld med kyrkjer på Sylte og i Dalsbygda.
Kommunen var ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for relativt mildt klima og vill natur. Alle bygdene unnateke Fjørå er djupe dalar. Tafjord Kraft nyttar fallhøgdene i Tafjordvassdraget (og Muldal) og nedbørsfeltet i Tafjordfjella til produksjon av elektrisitet.
Langs Tafjorden, innover Sunnylvsfjorden og utetter Storfjorden var det ei rad veglause fjord- og fjellgardar, til dømes Skrenakken, Verpesdalen og Smoge. Alle gardane var fråflytta før 1960. Storfjordens venner driv vern av desse kulturminna.[1]
Namnet
endreNamnet Norddal (med litt varierande skrivemåte) har vore brukt i minst 400 år, både om den vesle bygda Norddal (ofte kalla Dalsbygda) og heile kommunen/prestegjeldet. Opphavet til namnet er uklart. Ei hypotese er at folk lenger sør (Ottadalen eller Nordfjord) kalla området for Norddalane (dalane i nord).[2] Norddal prestegjeld omfatta til 1861 også Geiranger og Sunnylven, medan Dale skipreide (tingstaden Dale i bygda Norddal) i tillegg omfatta Stranda og i ein periode også Stordal. Det eldre namnet for herredet var «Dalr» i følge Amund Helland.[3] Norddal kyrkje har og blitt kalla Dale kyrkje. Helland nytta namnet Norddal om bygda på sørsida, men skreiv samstundes «Dale eller Dalsbygden, som er den beboede strækning» av bygda Norddal.[3]
Geografi og klima
endreStørsteparten av kommunens areal er fjell, mark eller vidde over skoggrensa. Kommunen omfattar mellom anna delar av Tafjordfjella, Reinheimen nasjonalpark, Trollstigen landskapsvernområde og Geiranger-Herdal landskapsvernområde.[4] Om lag 0,5 % av arealet er utbygd område i bruk til bustader, vegar og andre installasjonar (vegar og anna infrastruktur utgjer halvparten av dette igjen). Kommunens areal fordelt på type eller bruk.[5]
Bruk | km2 |
---|---|
Utbygd | 4,60 |
Jordbruk | 14,48 |
Skog | 186,01 |
Våtmark | 5,03 |
Bart fjell | 309,59 |
Open fast mark | 348,05 |
Varig is og snø | 31,77 |
Ferskvatn | 43,97 |
Total | 943,54 |
Om lag 90 % av fjellmassiva i Norddal er gneis med innslag av granitt.[6] Fjellet forvitrar grunna vatn, frost og varme dette skaper store og små steinras, særleg kjend er Tafjord-ulukka i 1934. Berggrunnen i Norddal er særmerkt med stort innslag av olivin som det og har vore utnytta kommersielt.
Norddal utgjer den aller inste og austlegaste delen av Sunnmøre og ligg dermed mellom mildt fuktig kystklimaet og tørt innlandsklima med kalde vintrar og varme somrar.[7] På grunn av fønvind[8] har samtidig Tafjord norske varmerekordar i vinterhalvåret med til dømes 17,9°C i januar (1989) og 21,8°C i november (2003).[9][10]
Vêrdata for Tafjord (1961–1990) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Døgnmiddeltemperatur °C | 0,5 | 0,7 | 2,7 | 5,2 | 10,1 | 12,7 | 13,9 | 13,7 | 10,5 | 8 | 3,6 | 1,3 | 2,6 |
Kjelde: [11] |
Folketalsutvikling
endreI 1870 var folketalet 2100, og dei neste 50 åra utvandra om lag 1100 frå bygdene i Norddal kommune. Valldal er den største bygda med om lag halvparten av folketalet, der har folketalet vore stabilt sidan 1910 medan busetnaden relativt sett har godt mest attende i Tafjord og Norddal.[12] I 1993 var 8,6 % av folkesetnaden i Norddal over 80 år, mot 3,9 % i heile landet og 4,3 % i Møre og Romsdal.[13] Børre Grønningsæter skreiv i 1840 at det i heradet var 184 «Gaardmænd», 64 «Pladsemænd» og 31 «Husmænd».[14]
Folketalsutvikling for Norddal kommune frå 1801:
1801[12] | 1845[14] | 1865 | 1890 | 1900[15] | 1910 | 1.12.1920[16] | 1.12.1930[17] | 3.12.1946[17] | 1.1.1951[18] | 1.1.1961[18] | 1.1.1971[18] | 1.1.1981[18] | 1.1.1991[18] | 1.1.2001[18] | 1.1.2010[18] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1361 | 1755 | 2089 | 2410 | 2397 | 2408 | 2493 | 2489 | 2477 | 2472 | 2267 | 2085 | 2096 | 2026 | 1954 | 1801 |
Samferdsel
endreFylkesveg 63 og fylkesveg 650 knyter bygdene saman med Åndalsnes i nord, Geiranger i sør og Ålesund i vest. Norddalsfjorden deler kommunen i ei sørside (Norddal/Dalsbygda og Eidsdal) og nordside (Tafjord, Fjørå/Selboskarbygda og Valldal) som har samband berre med ferje Eidsdal-Linge. Fram til Trollstigen opna i 1936 var fjorden viktigaste sambandet med omverda. Tunnelane mellom Linge og Liabygda (Overå) opna i 1975 og gav heilårs ferjefritt vegsamband frå Valldal langs Storfjorden til Ålesund.
Børre Grønningsæter skriv i sine dagbøker (på 1800-talet) at varebyttet «udføres af Sognets Indvaanere med Jekter og Baade, til Trondhiem og Bergen med Jekter, da der i Sognet eies og haves 5 gode Raaseiler Jekter. Disse indbringer ogsaa meget Fordel ind i Sognet til Eierne, da de aarlig faar fragter fra Aalesund og Øerne til Bergen med Fisk og Tran.» Frå midten av 1800-talet vart det mindre handel på Trondheim og tilsvarande meir på Ålesund og Kristiansund. Ålesund fekk bystatus i 1848 og Ålesund voks fram som sentrum for handelen i distriktet. Veblungsnes og Devold (Åndalsnes) var frå gamalt av ein viktig marknadsplass for bøndene i Norddal.[14]
Kjende folk frå Norddal kommune
endre- Arne Ivarsson Grønningsæter (1785-1858), bonde og politikar
- Elias Arnesson Grønningsæter (1811-1894), bonde og politikar
- Sylfest Muldal (1872-1963), skulemann
- Ola J. Linge (1885-1973), musikar og musikkhistorikar
- Marta Linge (1888–1980), organisasjonskvinne, lokalpolitikar og skodespelar
- Lovise Heggen (1893–1975), lærar og politikar
- Martin Linge (1894–1941), skodespelar og soldat
- Ivar Kleiva (1903–1997), forfattar og folkeminnesamlar
- Marta Schumann (1919–1994), forfattar
- Almar Heggen (1933–2014), operasongar
- Inger Aufles (1941–), langrennsløpar
- Arne Sandnes (1947–), politikar
- Svein Linge (1948–), lærar, teaterarbeidar og politikar
- Arne Ruset (1950–), forfattar
- Hans Martin Gjedrem (1980–), skiskyttar
Sjå òg
endre- Norddal kyrkje
- Sylte kyrkje
- Døving kapell (tidlegare kyrkje)
- Norddal sparebank
- Ordførarar i Norddal
Galleri
endre-
Zachariasdammen i Tafjord
-
Eidsdal sentrum (Ytterdal) sett ovanfrå
-
Norddal kyrkje, fjorden og Valldal sett frå Hallstad
-
Bygda Norddal sett frå Norddalsfjorden
-
Karitinden i Tafjordfjella på grensa til Skjåk
-
Taskedalstinden og Brekkehornet i Valldal
Kjelder
endre- ↑ http://storfjordens-venner.no/
- ↑ Furseth, Astor (2003): Kommunenamnet Norddal. Årbok for Norddal 2003. Norddal Mållag.
- ↑ 3,0 3,1 Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse over Romsdals amt. Annen del. Oslo: Aschehoug.
- ↑ http://snl.no/Geiranger-Herdalen_landskapsvernomr%C3%A5de lese på nett 11.12.2012.
- ↑ SSB http://www.ssb.no/areal/ data for Norddal trekt ut 11.12.2012.
- ↑ Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker III.
- ↑ http://snl.no/M%C3%B8re_og_Romsdal/klima lese på nett 11.12.2012.
- ↑ yr.no http://www.yr.no/nyheter/1.7659300 Arkivert 2012-04-19 ved Wayback Machine. lese på nett 11.12.2012.
- ↑ met.no http://retro.met.no/met/klimaet_i_norge.html Arkivert 2010-04-10 ved Wayback Machine. lese på nett 11.12.2012.
- ↑ yr.no http://www.yr.no/stad/Noreg/rekorder.html Arkivert 2014-11-14 ved Wayback Machine. lese på nett 13.12.2012
- ↑ YR.no http://www.yr.no/stad/Noreg/M%C3%B8re_og_Romsdal/Norddal/Tafjord/statistikk.html
- ↑ 12,0 12,1 Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år 1837-1987. Valldal: Norddal kommune.
- ↑ Møre og Romsdal fylkeskommune (1994): Fylkesstatistikk 1994. Molde oktober 1994.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 Ytterdal, Per (1971): Norddal Sparebank 1871-1971.
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 17,0 17,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 Folkemengd i Norddal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå