Arne Korsbrekke

norsk vegingeniør

Arne Olai Martinusson Korsbrekke, (15. desember 18771965) var ein vegingeniør og vegdirektør i Noreg 1945-48.

Arne Korsbrekke
Arne Olai Korsbrekke fra TT 1916.jpg
Fødd 15. desember 1877
Hellesylt
Død

7. mai 1965 (87 år)
Oslo

Yrke ingeniør, politikar, offentleg tenestemann

Korsbrekke var frå Hellesylt i SunnylvenSunnmøre, der faren var landhandlar. Han studerte ved Trondhjems tekniske Læreanstalt, det seinare NTH, og tok eksamen der i 1901. Korsbrekke vart omgåande tilsett i vegvesenet, og hadde i åra fram til 1904 oppdrag i fylka Troms, Oppland, Vestfold, Østfold, Sør-Trøndelag. I 1904 fekk han fast stilling i Sør-Trøndelag. Her vart verande i seksten år, berre avbrote av eit år på teknisk høgskule i Dresden i Tyskland.

I 1920 var han nokre månader mellombels overingeniør i Sør-Trøndelag, før han same året vart overingeniør i Nord-Trøndelag fylke. Denne stillinga hadde han til han i 1934 fekk tilsvarande stilling i Akershus.

Etter frigjeringa i 1945 vart han utnemnd til leiar for vegdirektoratet. Han sat som vegdirektør i vel tre år.

KjelderEndra

  • Lillebø, P. A.:Sunnylven og Geiranger. Fyrste bandet, 1949