Arne Kristoffersson Jørstad

norsk stortingsmann og gardbrukar

Arne Kristoffersson Jørstad (5. desember 178217. desember 1874) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Fåberg i Oppland. Han var farfar til Thomas Jørstad.

Arne Kristoffersson Jørstad
Fødd 5. desember 1782
Fåberg
Død

17. desember 1874 (92 år)
Fåberg

Yrke bonde, politikar

Far hans var gardbrukar i Fåberg. I 1808-09, 1812 og 1814 var Jørstad utkommandert til hæren. Der gjorde han teneste som grensevakt og deltok ved transportar. Han tok i 1809 over farsgarden og dreiv han til han skøytte han vidare.

Jørstad var valmann 1814-30. I 1827 var han 3. varamann til Stortinget, sjølv vart han vald til stortingsmann og representerte Kristians amt på Stortinget 1830. Han var då medlem av bankkomiteen.

Jørstad var forlikskommissær 1822-48, og varaordførar 1838-39 i det fyrste heradsstyret i Fåberg.

Han døydde på slektsgarden i Fåberg i 1874.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914