Arne Svingen (fødd 10. juli 1967 i Oslo) er ein norsk forfattar og journalist. Han har sidan bokdebuten i 1999 vore svært produktiv med bøker innanfor ei rekke sjangrar, men er mest kjend for sine bøker for barn og unge. Han sit i styret for Norske Barne- og Ungdomsbokforfattarar og var ein periode redaktør for tidsskriftet Forfatteren.

Arne Svingen
Arne Svingen.jpg
Fødd 10. juli 1967Rediger på Wikidata
Oslo
Yrke forfattar

Arne Svingen dobbeltdebuterte med romanane Handlingens mann og Svart elfenben i 1999. Han har elles fått mellom anna Skolebibliotekarforeningens litteraturpris i 2007 for sitt samla forfattarskap av barne- og ungdomsbøker. I 2005 fekk han Brageprisen for Svart elfenben.