Arno Allan Penzias

amerikansk fysikar og astronom

Arno Allan Penzias (fødd 26. april 1933) er ein amerikansk fysikar ved Bell Laboratories i Holmdel i New Jersey.

Arno Allan Penzias

Arno Allan Penzias
Fødd26. april 1933 (91 år)
Munchen i Tyskland
Død22. januar 2024
San Francisco
NasjonalitetAmerikansk
OmrådeFysikk
Yrkeastronom, fysikar
InstitusjonarBell Labs
Alma materCCNY
Columbia University
DoktorgradsrettleiarCharles Hard Townes
Kjend forKosmisk mikrobølgjebakgrunnsstråling
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (1978)
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Engineering
American Physical Society
Den internasjonale astronomiske unionen
ReligionJødedom

Penzias og Robert Woodrow Wilson mottok Nobelprisen i fysikk i 1978 for oppdaginga av den kosmiske mikrobølgjebakgrunnsstrålinga. Penzias og Wilson delte halvparten av prispengane, medan den andre halvdelen vart tildelt Pjotr Kapitsa.

Han vart utdanna ved City College of New York og tilsett ved Bell Telephone Laboratories i New Jersey. Penzias studerte i lag med Robert Wilson radioemisjonar frå eit plasmaområde kring Mjølkevegen og påviste ei uniform bakgrunnsstråling som indikerte ein gjennomgåande varmeenergi, som tilsvarar kring 3 K i universet. Utrekningar etter big bang-teorien for opphavet til universet viser at slike forhold skulle finnast, og målingane deira vart derfor teke som eitt av dei sterkaste bevisa for at teorien er riktig.

Kjelder

endre