Arnold Carl Johansen (19. februar 189829. juli 1957) var ein norsk kjemikar og næringsdrivar frå Buksnes i Nordland. Han representerte Nordland fylke på Stortinget 1950-53, vald for Høgre.

Arnold Johansen
Fødd19. februar 1898
Død29. juli 1957 (59 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Far til Johansen var kjøpmann. Sjølv tok han i 1920 eksamen ved kjemilinja til Norges tekniske høgskole i Trondheim. Frå 1921 var han driftsingeniør i Lofoten kemiske fabrikker, eit firma han overtok i 1937 og dreiv til det vart avvikla i 1940. Frå 1937 og livet ut var han elles medeigar og leiar av firmaet L. Blix & Co i Stamsund. Styreformann i Stamsund sparebank 1932-36 og 1954-57.

Johansen var medlem i Hol heradsstyre frå 1922 til 1950. Hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant for Høgre og Nordland, fireårsbolken 1950-53 hadde han såleis sete i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Johansen drukna under bading.

Kjelder endre