Arnoldus Schytte Blix
(Omdirigert frå Arnoldus S Blix)
Arnoldus Schytte Blix (fødd 4. oktober 1946) er ein norsk polarforskar. Han har vore professor i fysiologi ved Universitetet i Tromsø sidan 1980. Han har òg vore direktør ved Institutt for arktisk biologi sidan 1979. Han vart dr.philos. i 1975.
Arnoldus Schytte Blix | |||
Fødd | 4. oktober 1946 Borre kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, zoolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Academia Europaea |
Blix har leidd eller vore med på meir enn 30 polarekspedisjonar til Alaska, Canada, Grønland, Svalbard og Antarktika. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.[1] I 2006 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Referansar
endre- ↑ Biografi på forskning.no, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 10. februar 2019
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjoner av Arnoldus Schytte Blix i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin
- Publikasjoner av Arnoldus Schytte Blix i BIBSYS