Arnoldus Schytte Blix

Arnoldus Schytte Blix (fødd 4. oktober 1946) er ein norsk polarforskar. Han har vore professor i fysiologi ved Universitetet i Tromsø sidan 1980. Han har òg vore direktør ved Institutt for arktisk biologi sidan 1979. Han vart dr.philos. i 1975.

Arnoldus Schytte Blix
Fødd4. oktober 1946
Borre kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, zoolog
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Academia Europaea

Blix har leidd eller vore med på meir enn 30 polarekspedisjonar til Alaska, Canada, Grønland, Svalbard og Antarktika. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.[1] I 2006 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Referansar

endre
  1. Biografi på forskning.no, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 10. februar 2019 

Bakgrunnsstoff

endre