Arnt J. Mørland
Arnt Jacobsen Mørland (23. juni 1888–28. september 1957) var ein norsk skipsreiar og stortingsrepresentant frå Arendal.
Arnt J. Mørland | |||
Fødd | 23. juni 1888 Arendal | ||
---|---|---|---|
Død | 28. september 1957 (69 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, reiar | ||
Alle verv |
|
Bakgrunn
endreMørland vart fødd i Arendal av foreldra Sofie Jacobsen (1855–1945) og Jens Halvorsen Mørland (1853–1936). Han gifta seg 16. juli 1913 med Constance Thomsen (1889–1977). Begge vart gravlagde på Arendal kyrkjegard. Saman fekk dei fem barn, tre jenter og to gutar. Den eine jenta døydde rett før ho fylte fire år.
Skipsreiaren
endreMørland starta først opp med reiarlaget «Agdesidens Rederi», etablert 23. september 1916 saman med John Wilson. I 1927 starta han «Mørland Shipping Company», og i 1930 starta han «Mørland Tankrederi». Etterkvart sat han med kontrollen over alle tre selskapa. Mørland hadde store tap under andre verdskrig, berre eitt skip var att då krigen var over. Han vart arrestert av tyskarane 24. februar 1944 og ført til Arkivet i Kristiansand for avhør og deretter overført til Grini fangeleir. Han ble lauslaten 8. mai 1945. Selskapet «Arnt J. Mørland» har i dag (2013) kontor på Langbryggen i Arendal.
Samfunnsstøtta
endreI tillegg til å vere skipsreiar var Mørland aktiv i det lokale samfunnslivet i Arendal. Han donerte mellom anna pengar til ombygging av kyrkjeorgelet i Treeiningskyrkja i Arendal, som stod ferdig i 1957, og stod bak etableringa av Arendal Sjømannsskole (i dag Strømsbu videregående skole) som stod ferdig i 1954. Han var òg med på å donere pengar til tre glasmåleri i sjømannskirka i Rotterdam.
Han var aktivt med i Oxfordrørsla.
Politikaren
endreMørland sat som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder frå 1953 til han døydde i 1957.
Utmerkingar
endreArnt J. Mørland blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og var riddar av 1. klasse av den svenske Vasaordenen.
Litteratur
endre- Birger Dannevig: Arnt J. Mørland 1916-1966, 1966
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arnt J. Mørland» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |