Art Baron

amerikansk musikar

Arthur John Baron (fødd 5. januar 1950) er ein USA-amerikansk jazz-trombonist. Han speler òg didgeridoo, konkylie, tinnfløyte, blokkfløyte og tuba.[1]

Art Baron
Fødd5. januar 1950 (74 år)
FødestadBridgeport, Connecticut, U.S.
FødenamnArthur John Baron
OpphavUSA
AktivSidan 1973
SjangerJazz
InstrumentTrombone
Tilknytte artistarDuke Ellington
PlateselskapCIMP
Verka somMusikar

Han vart med i bandet til Duke Ellington i august 1973, året før Ellington gav seg, og vart den siste trombonisten Ellington hyrte.[2] Baron leia sidan The Duke's Men, eit band som bestod av musikarar som tidlegare hadde spelt med Duke Ellington. Han har òg spelt med Buddy Rich, Bruce Springsteen, Lou Reed, Stevie Wonder, James Taylor, Illinois Jacquet, Sam Eckhardt, Roswell Rudd, Mel Tormé, Charlie Musselwhite, Andy Harlow, Fontella Bass, Sam Rivers, Glen Velez, John Tchicai, Wilber Morris, Alan Silva, George Gruntz, Joey DeFrancesco, Bobby Watson, Elliott Sharp, Annea Lockwood, Matt Glaser, Cyro Baptista og She & Him.

Diskografi

endre

Kjelder

endre
  1. The New Grove Dictionary of Jazz (2nd ed.; Baron is in Vol. 1 of 3), Barry Dean Kernfeld (ed.), Macmillan Publishers (2002); OCLC 46956628; Oxford Music OnlineOCLC 219650052
  2. «Masterclass with Art Baron: An Introduction to the Plunger,» by Art Barton, as told to Bob Bernotas, Online Trombone Journal (www.trombone.org), 1992; OCLC 456219539, OCLC 613048903

Bakgrunnsstoff

endre