Bruce Springsteen
Bruce Frederick Joseph Springsteen (fødd 23. september 1949) er ein amerikansk songar og gitarist. Han speler ofte live saman med E Street Band. Dei mest populære albuma hans er Born to Run og Born in the U.S.A..
Bruce Springsteen | |
![]() | |
Fødd | 23. september 1949 (73 år) |
---|---|
Fødestad | Long Branch |
Fødenamn | Bruce Frederick Joseph Springsteen |
Alias | The Boss |
Opphav | USA |
Aktiv | 1969– |
Sjanger | rock |
Instrument | gitar, munnspel, piano |
Stemmetype | baryton |
Plateselskap | Columbia Records |
Verka som | songar, låtskrivar, pianist, gitarist, musikkprodusent, plateartist, komponist |
Gift med | Julianne Phillips, Patti Scialfa |
Born | Jessica Springsteen |
Prisar | MusiCares Person of the Year, Rock and Roll Hall of Fame, Presidentens fridomsmedalje, New Jersey Hall of Fame, Kennedy Center Honors, MTV Video Music Award for Best Male Video, MTV Video Music Award for Best Stage Performance, MTV Video Music Award – Viewer's Choice, MTV Video Music Award for Best Video from a Film |

Han nemner sjølv at Elvis' på Ed Sullivan Show i 1956 var det store augneblinken då han opplevde magi. Vidare nemner han Roy Orbison som ved sida av Johnny Cash var den andre «Man in black». Phil Spectors «wall of sound» og dei kule Beatles var også viktig lærdom for den unge Springsteen. Han var inspirert både av dei «rå» Animals og «silkelyden» frå Motown, men det var Bob Dylan som «gav oss orda» om alt som betydde noko. Som vaksen fann Springsteen også vegen til countrymusikken og Hank Williams «gjekk frå museumsgjenstand til levande». «Countryen var provinsiell, det var eg og. Eg var ikkje downtown,» skriv Springsteen sjølv. Til slutt oppdaga han gjennom Woody Guthrie også poesi som fanst før Dylan.[1]
E Street Band Endra
Ein reknar at E Street Band vart starta i oktober 1972, sjølv om dei ikkje var offentleg kjent før i september 1974. [1] Frå slutten av 1988 til tidleg i 1999 spelte ikkje bandet, bortsett frå ein reunion i 1995.
Noverande medlemmer Endra
- Danny Federici - orgel, klokkespel, keyboard
- Garry Tallent - bass
- Clarence «Big Man» Clemons - saksofon, perkusjon
- Max Weinberg - trommer (vart med i september 1974)
- Roy Bittan - piano, synthesizer (vart med i september 1974)
- Steven van Zandt - gitar, mandolin, kor (vart med i juli 1975; slutta i 1984; vart med att i 1995)
- Nils Lofgren - gitar, steelgitar, kor (tok over for Steven van Zandt i juni 1984; heldt fram sjølv om van Zandt vart med i gruppa att)
- Patti Scialfa - kor og duettvokal, gitar (vart med i juni 1984; gifta seg med Sprinsteen i 1991; dei har ei dotter og to søner)
- Soozie Tyrell - fiolin, kor (frå 2002)
Tidlegare medlemmer Endra
- Vinnie «Mad Dog» Lopez - trommer (slutta i februar 1974)
- David Sancious - keyboard (juni 1973 - august 1974)
- Ernest «Boom» Carter - trommer (februar - august 1974)
- Suki Lahav - fiolin, kor (september 1974 - mars 1975)
Kjelder Endra
- ↑ Springsteen, Bruce: "Mine eigne læremeistrar." Essay i Dag og Tid, 21.desember 2012 s.28.