Svalestarar
slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Artamidae)
Svalestarar (Artamidae) er ein familie av 11 små sporvefuglar i ei felles slekt, Artamus. Dette er fuglar med mjuk fjørdrakt i litt uklåre farger som finst i Australia og dei næraste øyane. Storleiken er omtrent som ein star, og svalestarar er rekna som enkle å observere og identifisere. I flukt minner dei om store svaler med stive venger. Som hos svaler er dietten til svalestarar mest flygande insekt. Dei er raske flygarar og er mellom dei få sporvefuglane som kan glideflyge.
Svalestarar | |
Sotsvalestar (Artamus cyanopterus) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Artamidae |
Slekt: | Svalestarar Artamus Vieillot, 1816 |
Med unntak av éin art som er standfugl, har svalestarar nomadisk levesett og flyttar seg dit det er best forhold for å beite insekt. Dei kviler i store flokkar.
Artsliste
endreSlekta Artamus
- Oskesvalestar, Artamus fuscus
- Fijisvalestar, Artamus mentalis
- Kvitryggsvalestar, Artamus monachus
- Fjellsvalestar, Artamus maximus
- Kvitbuksvalestar, Artamus leucorynchus
- Bismarcksvalestar, Artamus insignis
- Maskesvalestar, Artamus personatus
- Kvitbrynsvalestar, Artamus superciliosus
- Gråsvalestar, Artamus cinereus
- Sotsvalestar, Artamus cyanopterus
- Dvergsvalestar, Artamus minor
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Woodswallow» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2009
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar av svalestarar hos Internet Bird Collection