Arthur Omre

norsk forfatter (1887–1967)

Arthur Omre (17. desember 188716. august 1967) var ein forfattar som først og fremst skreiv såkalla hardkokte romanar.

Arthur Omre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. desember 1887
Brunlanes kommune
Død

16. august 1967 (79 år)
Porsgrunn

Yrke ingeniør, journalist, skribent, forretningsdrivande
Språk norsk
Arthur Omre på Commons

Liv endre

Arthur Omre var fødd som Ole Arthur Antonisen i i Brunlanes i Larvik, og drog til sjøs då han var femten år gamal. Han gjekk på teknisk skule og arbeidde som konstruktør i USA, etterpå jobba han som ingeniør i Oslo. Etter å ha gått konkurs dreiv Antonisen med kriminell verksemd og fekk fleire dommar, for smugling, vald mot politiet, svindel og tjuveri. I 1933 blei han separert frå kona.

Verk endre

I 1935 debuterte han under pseudonymet Arthur Omre med romanen Smuglere. To år seinare skifta han namn til Arthur Omre. I 1938 vart han tildelt Gyldendals legat

Omre var ein litterær nyskapar som innførte den såkalla «hardkokte» stilen i Noreg. Samtida samanlikna han med Ernest Hemingway og James Cain. Hovudpersonane til Omre var menneskje med eit vanskeleg liv som tøffe utfordringar. Omre hadde sjølv vore i fengsel, og det var vel kjennskapen til dei ulike miljøa som han skreiv om, som gjorde han til ein så unik forfattar.

Omre er gravlagd ved Vestkirken i Porsgrunn.

Verk endre

  • Smuglere, 1935, roman
  • Flukten, 1936, roman
  • Sukkenes bro, 1937, roman
  • Kristinus Bergman, 1938, roman
  • Intermesso, 1939, roman
  • Det onde øie, 1940, roman
  • Harmoni, 1941, roman
  • Det hender iblant ..., 1941, noveller
  • Mysterium i Rovsøy, 1942, kriminalroman, seinare gjeve ut som Holmgrensaken)
  • Vertshuset i Syd-Carolina, 1943, føljetong
  • Linedansere, 1945, skuespill
  • Det femte bud, 1947, skuespill
  • Stort sett pent vær, 1948, noveller
  • Skiftende bris, 1950, noveller
  • Vagabond i Gosen, 1953, roman
  • Gullmyntene og andre historier, 1954, noveller
  • Mikkelfanten, 1955, roman
  • Svarte-Paal, 1956, roman
  • Ek & Co., 1957, roman
  • Hun, den første, 1957, roman
  • Utvalgte noveller, 1962
  • Frydenlund, 1965, roman
  • Den røde silkekjolen og andre noveller, 1966
  • Sølvkruset, 1941, halvbiografisk roman, utgitt 1971
  • Den magiske kofferten, 1994, noveller

Kjelder endre

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.