Smugling er ulovleg inn- eller utførsel av varer, vesen eller informasjon i strid med gjeldande lovar og reglar. Ei vanleg form for smugling går til dømes ut på å halda varene unna toll eller andre avgifter. Ei anna kan gå ut på å omgå forbod mot varer som alkohol, narkotika, våpen eller media omfatta av sensur. Smugling kan også vera knytt til andre ulovlege handlingar, som tjuveri, kvitvasking av pengar, ulovleg handel i oldsaker, antikvitetar, dyr eller planter eller menneskehandel.

Bok brukt til å smugla sigarettar i.

Smuglarar kan ofte ha eit vinningsmotiv som følgje av forbod eller høge avgifter i samband med etterspurnad. Ein kan også smugla av andre grunnar, til dømes som del av offentleg varsling, spionasje eller motstand mot eit lovverk eller regime.

Smugling har ei lang historie, og er kjend frå folkeminne og kusntverk. Det går føre seg i operaen Carmen og i James Bond-forteljingane Diamonds are Forever og Goldfinger. Arthur Omre si bok Smuglere frå 1935, filmatisert i 1968, skildrar smuglarmiljøet i Noreg under brennevinsforbodet.

Kjelder endre