Arturo Prat-basen
Arturo Prat-basen er ein chilensk forskingsstasjon i Antarktis som ligg ved Iquique Cove på Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Han opna 6. februar 1947 og er den eldste chilenske stasjonen i Antarktis. Fram til 1. mars 2006 vart han driven av Den chilenske marinen, før han vart avlevert til styret i Magallanes and Antártica Chilena-regionen. Fram til februar 2004 var han ein permanent base, men vart sidan den gong berre nytta om sommaren for studiar av ionosfæren og meteorologi. Basen er kalla opp etter kaptein Arturo Prat, ein chilensk marineoffiser.
Arturo Prat-basen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Greenwich Island | ||
- koordinatar | 62°28′45″S 59°39′51″W / 62.47917°S 59.66417°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Arturo Prat-basen 62°28′43″S 59°39′49″W / 62.478717°S 59.663603°W | |||
Wikimedia Commons: Arturo Prat Station |
Bakgrunnsstoff
endreOffisiell nettstad for det chilenske antarktisinstituttet Arkivert 2011-02-21 ved Wayback Machine. Offisiell nettstad til Den chilenske marinen Arkivert 2011-04-29 ved Wayback Machine.
- COMNAP Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.